(07.01.11, endret 07.02.11) Nortura har i 2010 slakta 673 219 lam, dette er 17 925 færre enn i 2009.
Av: Finn Avdem, fagrådgjevar småfe
Årsaken er nedgang i marknadsandeler i tilførselsmarknaden for Nortura. Vi ser at nedgangen er størst i Midt- og Nord-Noreg. Det er i desse landsdelane vi har hatt nedlegging av slakteri i 2010 slik at dette er nok ein vesentleg årsak til at ein del har vald å levera lamma sine til frittståande slakteri denne hausten.
Nedlegging av slakteri og samling av slaktinga på nye og effektive slaktelinjer, er gjort for å redusere slaktekostnadene til Nortura og auke prisen til bonden. Når Nortura missar slaktedyr på grunn av slike tiltak, blir den positive effekten mindre enn om vi hadde behalde same slaktevolumet som før nedlegginga.
For kvart einaste slaktedyr Nortura misser til konkurrentane av ulike årsaker, så blir marknadsmakta til bonden mindre. Det er kanskje det mest alvorlege når Samvirket tapar marknadsandelar i tilførselsmarknaden.
Nyttårsynsket frå Nortura er difor at vi aukar marknadsandelen i tilførselsmarknaden i 2011 slik at vi kjem minst på høgde med der vi var i 2009.
Det er så viktig for den jobben vi skal gjera for den norske sauebonden som prissetter på slakt, marknadsaktør og fagleg utvikling av sauehaldet.
Ser vi på slaktekvaliteten, har vi dette året hatt ein liten nedgang både når det gjeld slaktevekt og kjøttfylde. Lamma er også ei aning feitare enn i 2009. 67,2 % Stjernelam er likevel eit veldig godt resultat som sauebonden i Nortura kan vera stolt av.
I år som i fjor var Buskerud det fylket i landet som hadde høgast andel Stjernelam, heile 76,8 %. Troms kom på 2. plass med 76,3 % Stjernelam og Rogaland på 3. plass med 72,2 % Stjernelam. Aust-Agder kom på 4. plass med 71,2 % Stjernelam og Sogn og Fjordane kom på ein 5. plass med 71 % Stjernelam. I motsetning til dei fleste andre fylka, har Sogn og Fjordane har auka Stjernelam-andelen sin i 2010 med heile 3,4 %.
Vi gratulerer Buskerud nok ein gong med Stjernelamtoppen i Nortura!
Statistikk 2010, og veker frå og med veke 27:
» Slaktestatistikk lam i Nortura 2010, pdf. 79 kb (korrigert 07.02.11)
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 49 (5. juli - 12. desember), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 48 (5. juli - 5. desember), pdf. 14 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 47 (5. juli - 28. november), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 46 (5. juli - 21. november), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 45 (5. juli - 14. november), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 44 (5. juli - 7. november), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 43 (5. juli - 31. oktober), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 42 (5. juli - 24. oktober), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 41 (5. juli - 17. oktober), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 40 (5. juli - 10. oktober), pdf. 79 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 39 (5. juli - 3. oktober), pdf. 79 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 38 (5. juli - 26. september), pdf. 82 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 37 (5. juli - 19. september), pdf. 82 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 36 (5. juli - 12. september), pdf. 80 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 35 (5. juli - 5. september), pdf. 79 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 27 - 34 (5. juli - 29. august), pdf. 8 kb