(15.01.10) Nortura har i 2009 slakta 690.400 lam. Dette er omtrent like mange som i 2008. Den største auken i slaktinga har vi i Hedmark og Hordaland med ca 1000 fleire lam frå kvar av desse fylka.
Av: Finn Avdem, fagrådgiver småfe
Den største nedgangen finn vi Nordland der vi har slakta nesten 2500 færre lam i 2009. I Oppland er det også nedgang for Nortura med vel 1000 lam.
Den største endringa i forhold til 2008 er nedgang i middelvekt på 0,3 kg og færre lam med feitt-trekk. Til tross for dette, har middel klasse gått litt opp dette året også. Dette er imponerande!
Gode klasser og passeleg feittmengde gjev mange Stjernelam, heile 69% av 2009-lamma fekk utbetalt Stjernelam-tillegg.
Buskerud har høgast andel Stjernelam med 77,8 %. På dei neste plassane kjem Troms med 77,4 % og Rogaland med 75,3 % Stjernelam.
Vi gratulerer Buskerud med Stjernelam-toppen i 2009!
» Statistikken totalt for 2009
» www.animalia.no Lammesesongen
Historikk vekestatistikk og kommentarar:
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 46/47/48
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 45
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 44
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 43
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 42
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 41
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 40
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 39
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 38
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 37
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 36
» Kommentarar til statistikken veke 27 - 35