(31.03.11) For å sikre uavbrote kjølekjede på egg frå produsent til eggpakkeriet, må temperatur i kjølerom ikkje overstige 12 grader. Dette er eit gammalt krav, men det nye hygienereglementet – "Hygienepakken" krev at riktig temperatur må også dokumenterast.
Av: Hannele H. Hestetun, rådgiver egg
Derfor har eggpakkeriene innført registrering av kjøleromstemperatur ved innhenting av egg.
Sjåføren leser av
Det vil si at alle innhentingssjåførane skriver opp kjøleromstemperatur på kvitteringsseddel. Denne temperaturen vert vidareregistrert ved eggmottaka.
Alle kjølerom må vere utstyrt med max-min termometer. Det beste er målar med display nær utgangsdøra og med føler inni rommet.
Det er viktig at sjåføren kan lese temperaturen så fort de kjem inni kjølerom. Samtidig bør målingspunkt for temperatur vere lenger inni rommet.
Dersom de har problem å klare å oppnå temperatur under 12 grader, kan følgjande tiltak hjelpe:
Om vinteren må ein sørgje for nok varme i kjølerom. Temperaturen bør ikkje vere under 4 grader.
» Se i fagbiblioteket for fjørfe, under egg for oppdaterte fagartikler