Søk:

Verktøylinje

Utstyr for å utnytte elektroniske øyremerke

(27.11.07, endret 16.12.10) Når ein fyrst har RFID-merker i lamma er det også mange som ynskjer å utnytte dette vidare i eigen buskap. Val av utstyr er avhengig av kva ein skal bruke det til. Vi skal difor sjå litt på kva ein kan nytte RFID til, og kva for tilleggsutstyr ein då treng.

Kva er eigentleg RFID?
RFID står for Radio Frequensy IDentification. RFID-brikka er ein passive responder som fyrst er til nokon nytte etter at ho er tilført energi. Preginga utanpå brikka gjer likevel at ein kan sjå kva for individ ein har for seg. 

Brikka har altså ikkje noko batteri. Energi blir tilført ved at brikka kjem inn i eit magnetfelt frå ein sokalla lesar. Då produserer brikka "straum" og sender ut "ei melding eller eit telegram" som gir til kjenne Dyreidentiteten (bl.a. dyrehaldet + individnummeret). Lesaren har også ein mottakar for desse meldingane, som kan visast på eit display og/eller overførast til PC (personlig computer), PDA (personlig digital assistent) eller liknande.

HHR 3000 Pro
HHR 3000 Pro. En robust, vanntett og brukervennlig håndholdt leser (OSID)

Ulike lesarar
For å ha full nytte RFID-brikkene må ein ha ein lesar og eit display som viser informasjonen i brikka. Det finst mange slag lesarar på marknaden. I prinsippet kan ein si at det er to forskjellige:

  1. Platelesar
    Dette er ei plate som er 1-2 cm tjukk som inneheld elektronikk som produserer eit magnetisk felt (elektromagnet), og ein mottakar for responsen frå RFID-brikka.

    Storleiken på platelesaren kan variere mykje og dette er avgjerande for leseavstanden til lesaren. Jo større lesaren er jo lengre er normalt leseavstanden. Under optimale forhold kan ein slik stor lesar "lese" opptil ca. 60 cm.
     
  2. Stavlesar
    Denne lesaren har ei stavliknande utforming, og er konstruert for å haldast med ei hand. Slike lesarar har normalt kort leseavstand (2-30 cm). Lengda på sjølve staven varierer frå nokre få cm opptil 60-70 cm.

Leseavstand og bruksområder
Lesarar med kort og lang leseavstand har ulike bruksområder.

  1. Lesarar med lang leseavstand, t.d. ein platelesar, egnar seg best til å lese RFID når dyra passerer etter kvarandre forbi lesaren. Dette kan vera i eit sorteringsanlegg, ved opplasting gjennom renne/leider, eller på beite når dyra passerer forbi gjennom ei renne.
     
  2. Lesarar med kort leseavstand krev at lesaren kjem heilt innpå RFID-brikka. Dette er ein fordel, og til dels ein føresetnad, for å kunne registrere rett individ når dyra står tett i ein binge, tilhengjar eller liknande. Her er stavlesaren einaste brukbare hjelpemiddel.

    Stavlesaren kan også brukast i samband med veging, men då krev det at ein person styrer denne slik at han kjem nær nok brikka. Dersom ein har sorteringsanlegg og elektronisk vekt, vil dette seinke tempoet ganske mykje, eller krevje ein ekstra person til å ta seg av lesaren.
     
  3. Leseavstanden kan bli sterkt redusert dersom det er mykje ”elektronisk støy” i nærleiken av lesaren. I og med at vi her har med magnetiske felt å gjera, er også metall uheldig, særleg stål. Mange sauevekter og mykje innreiing i sauehusa er av stål.
    Ein bør då prøve å plassere lesaren andre stader, eller bytte ut stål mot treverk.
     
  4. Display
    Ein lesar er til liten nytte utan at ein kan sjå kva lesaren registrerer av informasjon frå RFID-brikka. Difor må lesaren innehalde eit elektronisk display, eller vera kopla til eit slikt eller ein skjerm. Når dei skal koplast til eit eksternt display/skjerm må det fylgje med nødvendig programvare for dette.
     
  5. RFID-brikka har også innverknad på leseavstanden. Grovt sett kan ein si at jo større brikka er jo lengre kan leseavstanden vera. Men det er også andre ting enn storleiken på brikka som avgjer leseavstanden til brikka.

Veging av lam
Mange har vanleg, manuell vekt frå før og ynskjer å nytte denne også neste år. Andre har, eller vil kjøpe seg elektronisk vekt. Uansett er det ein fordel å kople vekta til eit sorteringsanlegg (sorteringsrenne + sorteringsport), slik at dyra kjem etter kvarandre mot vekta og kan sorterast i 2 grupper etter veging. Dette sparar både tid og arbeid.

  1. Manuell vekt
    Manuelle vegesystem kan vera alt frå å hente kvart enkelt lam i ein binge og føre det inn i vekta, til å drive dyra gjennom ei renne fram til vekta. Nytten av RFID her vil vera at ein raskt og sikkert får opp individnummeret til dyret. I tillegg må ein manuelt registrere vekta til dyret. Avhengig av kva lesaren er utstyrt med, kan ein måtte registrere både individnummer og vekt på papir, eige tastatur eller PC.
     
  2. Elektronisk vekt
    Det finst alt elektroniske vekter i bruk hjå mange. Dei fleste av desse viser berre vekta i eit display utan at det er mogeleg å overføre dette til andre elektroniske media.

    Skal ein ha full nytte av RFID og lesar, bør ein ha ei elektronisk vekt som kan lagre både øyrenummer og vekt, eller som kan overføre dette til eit anna elektronisk medium. Dette kan t.d. vera ein PDA eller ein PC.

Registrering av paring, lamming, sjukdom m.m.
Somme vil også utnytte RFID-brikkene til å kunne registrere andre hendingar i sauefjøset. Slike hendingar som er nemnt ovanfor, skjer ofte medan dyra står i flokk saman med andre dyr med RFID-brikker. Då bør ein ha ein stavlesar med relativt kort leseavstand. Brukar ein lesar med lang leseavstand her, står ein i fare for å registrere nummeret på feil dyr.

Ved slike registreringar må ein som regel også inn med tilleggsopplysningar. Ved lamming kan dette for eksempel vera lammingsvanskar, kjønn m.m. Lesaren bør nok difor koplast til ein PDA dersom ein vil gjera slike registreringar på denne måten.

 
» www.osid.no Leserutstyr