(14.10.2008) Britt Rusten og Trond Dalen driver gården Systuen Vedum i Øyer i Oppland fylke. Gamlefjøset skal skiftast ut med eit meir tidsmessig med plass til 220 vfs. Rasa er spæl, og det skal det fortsatt vera.
Av: Erling Skurdal, tilførselssjef småfe i Øst.
I Systuen Vedum skal det nå bli nytt fjøs. Britt Rusten og Trond Dalen med barna Ola Gudbrand (2 år) og Syver (3 ½ år) har bestemt seg for at det gamle sauehuset frå 70 –talet som nå huser 70 v.f.s. og redskapshuset som de siste åra har husa 40 sauer skal skiftast ut med eit meir tidsmessig med plass til 220. Sauedrifta kombinerast med slaktegrisproduksjon (ca. 500), og det kan også bli aktuelt med innsett av gris om sommaren i det nye bygget.
Rasa er spæl, og det skal det fortsatt vera. Eit gjennomsnitt på 18,6 kg med R – i kvalitet i 2007 er eit tydeleg teikn på at dei veit kva dei driv med. Far til Britt og deltakar i den daglege drifta, er ein viktig støttespelar i denne samanheng.
Eigarane er båe jordskiftekandidatar frå Ås med jobb i Statens Vegvesen på Lillehammer (80 %). Dette krev at drifta må vera så rasjonell som mulig, og valget fall da på lausdrift i hovudsak med fôring, eventuelt kombinert med rundball ute. Stor fleksibilitet ved ei eventuell framtidig endring av driftsform vog tungt her.
Fjøset er plassert utanfor det gamle tunet med direkte tilkomst til uteareal og jorda rundt garden – 160 daa fulldyrka og 50 daa beite. I tillegg har dei setra på 1000 m o h. som sauene blir sleppte på.
I planfasen har dei sjølvsagt vore opptatt av ulike løysingar og ikkje minst kostnadane med desse. Da vi var innom gjekk diskusjonen på bruk av tre eller stål i bærekonstruksjonane. Det enda visst med tre til slutt. Etter planen skal bygget vera ferdig i god til før lamminga kommande vår. Rett ovanfor gardstunet og gamlefjøset skal det nye fjøset stå. (Sjå øverste bilde).
![]() |
![]() |
| 3/4 av familien Rusten/Dalen, Trond og Britt med Ola Gudbrand på armen framfor tunet på Systuen Vedum. T.v. byggrådgjevar i Nortura Knut Evensen. | Tidleg krøkjast....... |
Byggeprosessen fortsetter:
(Artiklene er lagt på passordbelagte medlemssider. Logg på for at lenkene skal vises.)