Søk:

Verktøylinje

Hovudtrekk i Jordbruksavtalen 2010

(19.05.10) Partane har blitt einig om ei ramme for Jordbruksavtalen på 950 mill kr. Auken i målprisar utgjer 420 mill kr, og netto auka tilskot er på 375 mill kr. Ledige midlar frå inneverande avtaleår er berekna til 60 mill kr. Dei er med i ramma. Auka effekt av skattefrådraget utgjer 95 mill kr.

Styreleder Sveinung Svebestad- Eg registrerer at årets avtale satt langt inne, og ut frå økonomien i primærproduksjonen burde den totale ramma vore langt høgare. Nortura er likevel nøgd med at vi fekk gjennomslag for "ny" fraktordning og at importvernet er styrka, seier Sveinung Svebestad, styreleiar i Nortura.

Begge desse punkta er rekna som viktige prinsipp for å framleis kunne oppretthalde eit landbruk over heile landet.

- Styrkinga av fraktordninga gjennom nye prinsipp for innfraktstøtte, og ei auking av bevilgingane med 60 mil kr i år - legger faktisk eit godt grunnlag for like moglegheiter for kjøttproduksjon i heile landet, seier Svebestad.

Han peiker vidare på at styrkinga av importvernet på mjølk, gjennom ein overgang frå krone- til prosenttoll - ikkje berre er viktig for mjølkeproduksjonen - men og for norsk storfekjøttproduksjon.

- Ikkje minst var det viktig at staten faktisk var villig til å bruke dei moglegheitane som ligg i den WTO-avtalen, understrekar Svebestad.

Nortura tilrådde som kjent avtalepartane å ikkje auka målprisane på gris og lam i år. Kravet frå avtalepartane vart likevel på 50 øre på gris, og kr 1 på sau/lam. Sjølve avtalen enda opp med 45 øre på grisen og kr 1,40 på sau og lam.

- Den siste prognosen viser at vi går mot eit aukande overskot av både lam og gris. Men la det likevel ikkje vera tvil. Nortura vil så fort marknadsbalansen tillet det, nytta det rommet som no er skapt til å auke prisane, seier Sveinung Svebestad.

1.1 Målprisar

Produkt

Målpris i dag

MÅLPRISENDRING

Endring i mill kr

 

 

JBR

Nortura

Avtale auke

Ny pris

JBR 2010

Avtale

Gris

29,06

+ 0,50

0

+ 0,45

29,51

64

58

Sau/Lam

57,75

+ 1,00

0

+ 1,40

59,15

25

34

Egg

16,54

+ 0,70

0,70

+ 0,70

17,24

41

42

Mjølk ku  geit

4,41

+ 0,26

 

+ 0,13

4,54

402

201

Poteter

2,81

+ 0,13

 

+ 0,15

2,94

27

33

Grønnsaker

 

+ 2,8%

 

+ 3,1%

 

44

47

Frukt

 

+ 3,0%

 

+ 3,1%

 

5

5

Korn- matmjøl

 

+ 0,05

 

0

 

13

0

SUM

 

 

 

 

 

620

420


1.2 Fraktordning for firbeinte slaktedyr

Partane er samde om å følgja forslaga i rapporten frå arbeidsgruppa for ny modell for innfrakt av firbeinte slaktedyr, og har auka løyvinga til ordninga med 60 mill kr. (Nortura tilrådde 85 mill kr). Partane legg til grunn at Statens Landbruksforvaltning (SLF) og aktørane i kjøttsektoren (les Nortura) bidrar i arbeidet med å etablere grunnlaget for implementering av ny ordning frå 1/1 2011.

1.3 Driftstilskot mjølke- og ammeku og husdyrtilskot alle dyr

Mjølke- og ammeku
Dyretilskotet til mjølkeku aukar med 200 kr per dyr for dei første 16 dyra. Dyretilskotet til ammeku aukar med 300 kr per dyr for dei første 25 ammekyrne, og med 26 kr for dei neste 25 dyra.

Driftstilskotet for mjølkeku aukar med 6300 kr per foretak i Sør-Norge til 93 000 kr, unntatt for Jærkommunane. Dei blir skilt ut som eiga sone i driftstilskotet til mjølkeproduksjon, og får 88 000 kr. I Nord-Norge blir tilskotet auka med 11 400 kr til 99 000 kr per foretak.

Driftstilskotet til ammeku aukar til 1 980 kr per ammeku for dei første 50 ammekyrne, og maksismalt tilskot per foretak blir dermed 99 000 kr.

Gris
Dyretilskotet til avlsgris blir redusert. På Jæren med 300 kr og i resten av landet med 150 kr. Dyretilskotet til slaktegris blir redusert. På Jæren med 12 kr og i resten av landet med 8 kr.

Sau og lam
Dyretilskotet til sau over 1 år aukar med 80 kr per dyr for dei første 50 dyra, og med 65 kr per dyr for dei neste 50 sauene.

Verpehøns
Dyretilskotet til verpehøns blir redusert med 2 kr per dyr i heile landet, ny sats er 10 kr per dyr i Sør-Norge og 24 kr per dyr i Nord-Norge.

Endringane under pkt. 1.3 disponerer til saman 127,5 mill kr av ramma.

1.4 Distriktstilskot gris og fjørfekjøtt

Distriktstilskot gris blir redusert med 0,30 kr per kg i sone 4, elles uendra. Distriktstilskotet for fjørfekjøtt blir avvikla i Trøndelag, og tilskotet blir halvert for Vestlandet og Agder til kr 0,20 per kg.

Desse endringane tilfører ramma 13 mill kr, der 11,3 mill kr kjem frå kutt i distriktstilskot for fjørfekjøtt.

1.5 Tilskot til beitebruk og arealtilskot

Tilskot til utmarksbeite blir auka med 30 kr per ku, storfe, hest og med 20 kr per sau, lam og geit. Tilskot til beite blir auka med 50 kr per dyr for storfe mm. Endringane i tilskota til beite og utmarksbeite disponerer 87,5 mill kr av ramma.

Arealtilskot grovfor i arealgruppa 200 - 250 daa aukar slik at alt areal under 250 daa har likt arealtilskot i sone 1 - 6. Satsane for arealstilskot varierer frå 75 kr per daa i sone 1 til 266 kr per daa i sone 7.

Arealtilskot korn aukar med 6 kr per daa i sone 1- 3. Arealtilskot korn i sone 4 - 7 blir redusert med 11 kr per daa.

Endringane i arealtilskota disponerer til saman 64 mill kr av ramma.

1.6 Tilskot til avløysing

Satsane til avløysing er auka med 5 %, noko som disponerer 52 mill kr av ramma.