Søk:

Verktøylinje

Arbeidsgruppe som satsar:

Meir gris i Møre og Romsdal

(06.06.11) Møre og Romsdal ønskjer å rekruttere eit tital nye bønder som driv med smågris i dei komande åra. Siktemålet er å styrke dei kornbaserte produksjonane og halde på eit variert landbruk over heile fylket.

Av: Brit Kari Eidseflot Hauger, tilførselsleder Møre og Romsdal

Det er ein del bønder som har slutta med mjølkekyr som ønskjer å nytte gode driftsbygg til oppstart av nye produksjonar. Forbruket av svinekjøt er veksande.

Dette er konklusjonen frå ei arbeidsgruppe som Bondelaget i Møre og Romsdal hadde kalla saman i Molde den 25. mai. Det blir etablert eit prosjekt som skal arbeide for rekrutteringa. Deltakarane er Nortura, Norsvin, Felleskjøpet, Fylkesmannen og Gjermundnes vidaregåande skule, forutan Bondelaget.

Godt fagmiljø
Purkeringen med navet i Tresfjord har hatt svært stor verdi for å styrke fagmiljøet på gris. I første omgang er kapasiteten i purkeringen fullt utnytta. Med Kornsiloen på Vestnes har fylket eit svært godt utgangspunkt for kornbaserte produksjonar. Gjermundnes vidaregåande skule har også grisehus til opplæringa for elever og kurs.

Sjølv om det skjer litt nyetablering kvart år, er det klårt at med dagens utvikling vil produksjonen gå ned i fylket.

Dei siste 15 åra er talet på bønder med smågris redusert med 100 bruk til i dag 45 bruk med avlspurker. Også talet på avlspurker har gått jamt ned fordelt på heile fylket. Det er difor spesielt nye bønder som vil drive med avlspurker eller kombinert med slaktegris som er ønskjemålet til arbeidsgruppa.
 


SAMSTEMTE RUNDT BORDET: Fra venstre Geir Inge Lien, avdelingsleder Gjermundnes Landbruksskole, Lars Erik Hubred, fylkesleder i Norsvin, Asbjørn Ramselien, rådgiver gris i Nortura, Inge Martin Karlsvik, fylkesleder Møre og Romsdal Bondelag, Gunnar Wentzel, organisasjonssjef Møre og Romsdal Bondelag, Ottar Longva, fylkesjordsjef, Brit Kari Eidseflot Hauger, tilførselsleder Nortura, Jermund Vågen, markedssjef i Nordmøre og Romsdal Felleskjøp og Svein Aure, fagsjef i Nordmøre og Romsdal Felleskjøp.