Søk:

Verktøylinje

Fjøsmøte på Dale i Meland

(24.11.10) Den 10. november 2010 arrangerte Lindås og Meland Sau og Geit, saman med Arne og Gro Dalland, fjøsmøte i nyefjøset til Arne og Gro, på Dale i Meland. Det var stor interesse for møtet og over 120 menneske møtte fram.

Av: Ingvill Jørgensen, organisasjonsleder

Meland

Arne sjølv informerte om byggeprosessen og om løysingane dei hadde valgt. Fjøset er et kaldfjøs med plass til 200 vinterfôra sau. Det er god takhøgd og romslege arbeidsrom rundt bingane. Det er gjødselkjellar med kanalomrøring, som automatisk vert omrørt 20 minuttar kvart døgn. På denne måten har dei alltid ferdig opprørt gjødsel, og dei unngår gassutvikling frå gjødselen.

Det er eteplass til alle sauene ved kraftfortildelinga, og silofôret vert lagt ut i fôrkassar frå Reime, med eteplass for ca 1/3 av sauene om gongen. Dei fôrar med rundballar, og heiser desse inn i fôrkassane ved hjelp av talje. På denne måten har sauene fôr i 3 dagar. Arne fortel at det er kamp om maten det første kvarteret etter at han har lagt inn nye rundballar, men etterpå er det roleg i fjøset, og sauene går og et når dei sjølv ønskjer det.

I kvar ende av bygget er det store takoverbygg, slik at dei står tørt når dei jobbar med rundballane, og dei kan bruke det som ekstra-areal i lamminga.

Også Ola Stene frå Felleskjøpet var tilstades, og informerte om foring av sau og lam gjennom året,med kraftfôr, og om tilskot som mineraltilskot og saltstein. Dette var svært interessant og ikkje minst nyttig for dei frammøtte.

Etter dette var det matøkt. Nortura spanderte pølser, og Gro og Arne fekk god hjelp med vaffelsteiking og kaffikoking.

Utplukk av påsettlam
Så hadde Ove Holmås frå NSG eit innlegg om utplukk av påsettlam, om korleis ein god lammekropp skal sjå ut, og viktigheiten av gode bein. Dette viste han litt om i praksis på nokon av lamma hjå Arne og Gro. Han oppmoda alle om å melda seg inn i sauekontrollen, og bruka data herifrå aktivt i saueavlen. Han snakka om kor viktig det er å bruka kåra verlam eller elitever i paringa for å ta del i avlsframgangen i sauehaldet, og det vart mange spørsmål og debatt om temaet.

Ein stor takk til Gro og Arne som let oss få sjå det flotte fjøset deira, og lukka til vidare til dei!

Meland fjøs