Søk:

Du er her: Hovedsiden / Organisasjon / Matglede 

Verktøylinje

Pølse-sommar!

Det er mange gode grunnar til å glede seg til sommaren. Og akkurat no føler eg for å understreke seks av desse; 6 x Groovy - våre nye spesialpølser som no er i butikkane.

Sommarnyheitene frå Gilde og Prior er i handelen og denne sommaren er det smaksrike pølser som gjeld, seks variantar med mykje smak og kjøtt laga av vår eigen pølsemakar, Tom Skjekkeland. Fagsjefen byrja med 12 variantar, prøvde og feila enda opp med seks som vi satsar for fullt på denne sommaren.

Vi er fleire som har trua på Groovy-pølsene. Vi som har vore så heldige å få vere frå ide til ferdig produkt har alle tenkt at dette måtte bli bra. No skal eg ikkje skryte på meg å ha utvikla desse godbitane, men eg er alltid i nærleiken når det skal smakast. Og når det kjem til smaking, er vi alle ekspertar.

Groovy Real lamb Groovy Spicy cheese Groovy Chistorra

 
Som vanleg når vi lanserer nye produkt er eg ute i butikkane og ser om eg finn igjen varene våre i hyllene. Ikkje fordi eg må eller er blitt beden om det, men finn eg ikkje Gilde og Prior i butikken går eg heller ein annan stad med pengane mine.

Butikksjefen i nærbutikken her på Løren i Oslo lurte på om vi Nortura hadde i arbeidskontrakten vår at vi berre fekk handle varer frå Prior og Gilde. Han har lagt merke til at vi er mange som kun legg våre produkt i handlekorga.

Eg må innrømme at så strenge er vi ikkje i Nortura. Folk må sjølvsagt få handle den maten dei sjølv vil ha – men for meg har dette aldri vore noko dilemma. Eg vil nemlig berre ha maten som vi produserer fordi eg meiner dette er den desidert beste maten.

Spesielt pølsene våre, og spesielt biffane våre for ikkje å nemne spekeskinka…

Nei – du treng ikkje gje avkall på noko ved kun å velge Nortura. Tvert i mot er du sikra det beste frå norsk landbruk.

Groovy Krakower Groovy Urøkt bratwurst Groovy Krainier

 
På årsmøte til Nortura snakka eg med direktøren i Mc Donalds Norge, Olli Kilpi. Der i garden vil dei kun ha norsk storfekjøtt frå Nortura. Ikkje fordi dei MÅ eller synes synd på oss i Nortura. Dei gjer det fordi dei synes vi leverer dei beste råvarene som igjen er bra for "business".

No treng ikkje alle bli like aktive som meg med å fronte dei gode produkta våre. Ingen i min familie eller omgangskrets torer å kjøpe noko anna enn Nortura-varer. Dei veit at eg når som helst kan komme for å sjekke kjøleskapet deira. Slik har eg rundt rekna fått full kontroll på rundt 100 forbrukarar der ute.

Tenk då på kva de som eigarar kan få til om alle 18 000 fekk vener og familie til kun å kjøpe våre fabelaktige pølser, biffar og kyllingfiletar.

Det hadde vore bra for "business" – og særdeles smakfullt.

Ha ein strålande sommar – og husk å kjøpe nok pølser!

 


 

Gilde er den suverene kategorikapteinen når det gjelder pølser og en slik rolle forplikter.

- Det er viktig at vi kommer med nyheter og skaper verdier i kategorien. Det forventer både butikkjedene og ikke minst forbrukerne. Med Groovy-pølsene håper vi å tilfredsstille begge gruppene med bedre bruttofortjeneste for kjedene og pølser for de mest kresne ganene.

Mighty Beef BurgerOgså i kategorien hamburgere tar Nortura grep. Ønsket er å etablere en sterk posisjon i en voksende kategori gjennom å tilby gode produkter innenfor lavpris- og hverdagssegmentet. Happy Hour er de billigste frossenvariantene med 78 prosent kjøtt. The mighty burgers er ulike typer ferske og ferdigstekte burgere med nytt og lett gjenkjennbart design som inneholder fra 85 til 98 prosent kjøtt.

Men det er langt mer enn bare pølser og burgere og som kommer fra Nortura denne sommeren. Prior kan friste med ferdigstekt indrefilet av kylling og det kommer også spennende nyheter med Edelgris.

- Sommeren er blitt den viktigste sesongen både for oss og butikkjedene og denne sommeren er konkurransen der ute tøffere enn noen gang. Derfor har vi forberedt oss godt og er rigget for et solid salg denne sommeren, sier Eli Strand i Nortura.