Korleis komme seg gjennom vinteren med minst mogleg økonomisk tap?

(Oppdatert 07.08.18) - Det er fullt mogleg å klare seg gjennom vinteren med halvparten av normal grovfôravling, men det krev planlegging.

  • Fôrprøver syner at godt fortørka rundballar, som i år, inneheld mykje meir fôr enn ein normal fuktig rundball. Grovfôrsituasjonen din kan difor vera betre enn du trur. 
  • Men har du behov for halm og enda ikkje har gjort avtaler, så gjer det nå før halmen går gjennom kuttaren. 
  • Dei dyraste alternativa er å levere små lam som ikkje er slaktemogne og å redusere flokken utover dei 5 prosentane som er ynskeleg for å få betre marknadsbalanse.

Dette er nokre av dei viktigaste punkta i denne artikkelen. Her finn du heilt konkrete fôringsråd for vinteren, men også økonomiske utrekninger som syner kvifor dette gir deg best økonomi - både på kort og lang sikt.    

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe, Nortura og Erling Skurdal, tilførselsleiar 

Heimebeitet tørkar bort

Ein del har sau på heimebeite der manglande nedbør gjer at det blir liten gjenvekst. Fiberrikt kraftfôr fungerer fint på lam, sjølv med liten andel grovfôr. Ei løysing kan da vera å setje ut kraftfôrautomatar og støttefôre lamma med fiberrikt kraftfôr etter appetitt. Lamma må ha rikeleg tilgang på vatn. Sjølv om det vil gå mykje kraftfôr, vil dette likevel lønne seg mot å slakte lam som ikkje er slaktemogne. Det vil alltid lønne seg å fôre lamma til at dei oppnår kvalitetstilskotet (O+ eller betre) og Stjernelam-kvalitet (minimum 15,1 kg slaktevekt ca 40 kg levandevekt, O+ eller betre, feittgruppe 1+, 2-,2,2+,3- og 3).

Ikkje alle søyer får appetittfôring med grovfôr i år
Ikkje alle søyer får appetittfôring med grovfôr i år

Har du eit område som du likevel skal rydde, så vil sauen setje pris på å få lauv og kvist og gnage på i tillegg til kraftfôret. Dersom søyene byrjar å bli magre, så kan det vera ei løysing å avvenne lamma noko tidlegare enn vanleg, slik at søyene berre skal fø seg sjølv. Manglar ein heilt beite til lamma, så kan ein setja dei inn på fiberrikt kraftfôr og minimum med grovfôr.

Lite grovfôr krev god planlegging

Vekstsesongen er enda ikkje over, men ein kan vel alt nå slå fast at mange vil ha mykje mindre grovfôr enn vanleg når ein skal starte på årets innefôringssesong.

Mange reknar grovfôrlageret sitt i tal rundballar. Hugs da på at ein rundball med godt fortørka gras inneheld mykje meir fôr enn ein fuktig rundball.

Situasjonen kan difor vera litt betre enn ein trur.

Fôrmengda kjem også an på haustetidspunktet. Fôrverdien går som kjent ned når graset blir seint hausta.

I samband med eit fagmøte om fôring av sau på Vinstra, Gudbrandsdalen, for ein del år sidan, vog Norsk Landbruksrådgjeving rundballar og sende inn grovfôranalyser av rundballane for møtedeltakarane.

Her er resultatet når det gjeld tørrstoff- og energi-innhald i ulike rundballar:

Tabell 1: Fôrmengde- og verdi i ulike rundballar

Nr 

Type grovfôr

Tørrstoff (TS)%

Vekt rundball

Kg grovfôr TS

% TS av nr 4

Fem/kg TS

FEm pr rundball

% Fem av nr 4

1

Surfôr 1. slått 25.07

22,6 %

680

154

44 %

0,79

121

45 %

2

Surfôr 2. slått 20.08

34,9 %

650

227

65 %

0,86

195

72 %

3

Surfôr 1. slått 27.06

42,9 %

570

245

71 %

0,83

203

75 %

4

Surfôr 1. slått 10.06

51,7 %

670

346

100 %

0,78

270

100 %

5

Surfôr 2. slått 15.08

21,2 %

900

191

55 %

0,84

160

59 %

6

Surfôr 2. slått 01.09

44,9 %

665

299

86 %

0,84

251

93 %

7

Surfôr 1. slått 16.06

31,7 %

940

298

86 %

0,88

262

97 %

Resultatet syner at det er stor variasjon i mengde fôr i ein rundball, fyrst og fremst avhengig av kor mykje vatn det er i rundballen. Rundball nr 1 inneheld under halvparten av fôrmengda og energimengda samanlikna med rundball nr 4.

Ei rundballevekt og ei grovfôranalyse vil difor vera ekstra viktige hjelpemiddel denne fôringssesongen for å få betre oversikt over grovfôrsituasjonen. Om du ikkje har gjort dette tidlegare år, så prøv det nå! Ta kontakt med Norsk Landbruksrådgiving. Nokre kraftfôrleverandørar tilbyr også uttak av grovfôranalysar.

Korleis bruke fôret gjennom vinteren?

Når ein har for lite grovfôr har ein to alternativ, anten kjøpe grovfôr, dersom det er å få tak i, eller fôre avgrensa med

Når ein har for lite grovfôr har ein to alternativ, anten kjøpe grovfôr, dersom det er å få tak i, eller fôre avgrensa med grovfôr og bruke meir kraftfôr. Alt tyder på at prisen på grovfôr kan bli høg dette året. Difor kan det bli rimelegare å fôre avgrensa med grovfôr og auke kraftfôrbruken. Dette betyr at alle søyer må ha kvar sin ete-opning, slik at alle kan eta samstundes. Den som har lagt opp til fôringssystem med fleire søyer per eteopning, må difor sjå på muligheiter for å lage ekstra fôrbrett slik at alle søyene får kvar si eteopning, kjøpe NH3 halm og fôre berre med dette, eller blande halm og  surfôr slik at det heimeavla grovfôret varer lenger med appetittfôring. Har ein kraftfôrautomat, så kan ein gje fiberrikt kraftfôr fleire gonger om dagen frå den. Dette vil truleg også redusere opptaket av grovfôr.

Sauen treng ein viss andel grovfôr i fôrrasjonen fordi grovfôrfiber (NDF) stimulerer drøvtygginga og spyttproduksjonen. Dette er viktig for at det ikkje skal bli sur vomgjæring og dårlege livsvilkår for mikrobane som bryt ned fôret i vomma. Nok grovfôrfiber er også viktig for at det skal bli eit godt flytelag i vomma som bremsar passasjen av fôr, slik at vommikrobane får nok tid til å bryte ned det nedbrytbare fôret i vomma. Dette er viktig for å oppnå ei best mogleg utnytting av fôret.

Fôrtrongen til ei søye varierer mykje gjennom ein innefôringssesong:

Tabell 2: Fôrtrong i FEm og AAT for ei søye gjennom ein innefôringssesong:

Søye nr

 

FEm/dag

AAT pr FEm

1

Søye 82 kg vedlikehaldsfôring

0,9

82

2

Søye 82 kg i dårleg hold skal gå opp 1 holdpoeng i løpet av 150 dagar

1,4

78

3

Søye 82 kg og drektig med tvillingar fire veker før lamming

1,6

85

4

Søye 82 kg med tvillingar som skal vekse 350 g/dag 0,4 Fem/dag i haldmobilisering frå søya

2,8

102

Når vi skal spare grovfôr, er det viktig at vi alltid syter for at det er ein stor nok andel grovfôr og grovfôrfiber i totalrasjonen til sauen. Når fôrbehovet er stort, må ein som regel ha ein stor andel kraftfôr i rasjonen for å dekke opp energi og proteintrongen, sjølv med appetittfôring med grovfôr.

I Nortura har vi laga fôrplanleggingsverktøyet Nortura sauefôring, der vi kan rekne på sannsynleg grovfôropptak ut frå fiber-innhald (NDF/kg TS) og energi-innhaldet (FEm/kg TS) i grovfôret. Vi tek utgangspunkt i grovfôr hausta ein stad mellom begynnande og full skyting:

Tabell 3: Innhald i grovfôr hausta litt før full skyting:

 

% Tørrstoff

NDF pr kg tørrstoff

FEm pr kg tørrstoff

AAT pr kg tørrstoff

PBV Pr kg tørrstoff

Grovfôr middels tidleg hausta

30

621

0,85

72

7,4

Tabell 4: Sannsynleg grovfôropptak ved appetittfôring for ei 82 kg`s vaksen søye:

 

Kg fôr

Kg grovfôrtørrstoff

FEm

AAT

Før lamming

4,5 kg

1,3

1,2

97

Etter lamming

5,4 kg

1,6

1,4

116

Dersom vi skal dekke energitrongen gjennom innefôringssesongen ut frå tabell 2, får vi fylgjande kraftfôrbehov og samansetning av fôrrasjonen ved appetittfôring med grovfôr:

Tabell 5: Kraftfôrbehov og grovfôrandel ved appetittfôring av grovfôr

Søye nr

 

Kg kraftfôr pr dag (Formel sau)

Andel grovfôrtørrstoff  i rasjonen av totalt tørrstoffopptak

1

Søye 82 kg vedlikehaldsfôring

0

100%

2

Søye 82 kg i dårleg hold skal gå opp 1 holdpoeng i løpet av 150 dagar

0,2

88%

3

Søye 82 kg og drektig med tvillingar fire veker før lamming

0,4

79%

4

Søye 82 kg med tvillingar som skal vekse 350 g/dag med 0,4 FEm/dag i haldmobilisering frå søya

1,4

56%

Dette viser at det er enklast å spare grovfôr når fôrbehovet er lågt. Da vil rasjonen likevel innehalde nok grovfôr til at drøvtygging og flytelag fungerer tilfredsstillande. Dersom vi planlegg å halvere  grovfôrrasjonen frå 4,5 til 2,3 kg surfôr i lågdrektigheitstida, må vi auke kraftfôrrasjonen med ca 0,6 kg om vi skal gje same energimengda til sauen. Ein slik rasjon vil innehalde ca 50-70 % grovfôr, altså ca like mykje som etter lamming. Dette vil kunne fungere bra.

Vi tenkjer oss ein sauebonde som set inn sauen ca 15. oktober og har medel paringsdato ca 1. desember. Da vil søyene vera høgdrektige frå starten av mars og medel lammingsdato vil vera ca 1. mai. Vidare er vanleg dato for beiteslepp ca 20. mai for denne bonden. Ved å redusere surfôrtildelinga frå 4,5 kg (appetittfôring) til 2,3 kg surfôr fram til ca 1. mars, reduserer han samla grovfôrforbruk med ca 30 % samanlikna med appetittfôring med grovfôr i heile innefôringsperioden.

Det er meir lønsamt å gje meire kraftfôr enn å redusere for mykje på søyeflokken når ein har lite grovfôr
Det er meir lønsamt å gje meire kraftfôr enn å redusere for mykje på søyeflokken når ein har lite grovfôr

Val av kraftfôrslag

Kraftfôrprodusentane har fleire kraftfôrslag å by på til sau. Prisane er temmeleg like per FEm. Ein bør da velja eit av dei fiberrike kraftfôrslaga, fordi dette vil fylle litt meir i vomma og auke fiberinnhaldet i rasjonen.

Er grovfôret veldig seint hausta, bør ein velje eit kraftfôr med positiv PBV (Protein Ballanse i Vomma)  fordi grovfôret sannsynlegvis har negativ PBV. Dette er viktig for at vommikrobene skal få nok protein.

Sauen er ikkje mett!

Når ein fôrar avgrensa med grovfôr, er ikkje søyene mette og fôrbrettet står tomt store delar av dagen. 

Dette kan føre til uvanar som gnaging på treinnreiing og at dei nappar ulla av kvarandre.

Søyene bør difor få tilgang på halm eller anna "gnag". Det vil vera god sysselsetting mellom måltida med grovfôr og kraftfôr.

Kor lite eigenprodusert grovfôr kan ein greie seg med?

Vi har for tida overproduksjon av spesielt sauekjøtt. Nortura Totalmarked oppmodar difor til at sauebøndene reduserer påsettet sitt slik at ein startar årets innefôringssesong med 4 % færre søyer enn i fjor. Vidare må ein utnytte alle mogelegheiter til kjøp av grovfôr. Sjølv om kornhausten også er dårleg, så er kornprodusentane sterkt oppmoda om å ta vare på halmen i år. Felleskjøpet og andre har teke på seg ei formidlarrolla mellom kornprodusentane og husdyrprodusentane. Sjå: www.felleskjopet.no/kraftfor/halmformidling. Vi håpar og trur difor det kan bli ein del NH3 halm å få tak i. NH3 halm saman med kraftfôr med positiv PBV, er fullt brukande fôr til lågdrektig sau. Regionane i Norsk Landbruksrådgjeving tilbyr også lokal fôrformidling.

Vi kan rekne litt på korleis sauebonden vi omtala ovanfor kan spare eigenprodusert grovfôr. Vi seier han i utgangspunktet har 150 vaksne søyer og 50 påsettlam og medels tidleg hausta grovfôr i rundballar. Rundballene veg 700 kg, det er ca 180 FEm per rundball. Dersom han får tak i ballar med NH3-halm, så veg desse 220 kg og inneheld 120 FEm per rundball. Med full appetittfôring, treng han 270 rundballar surfôr, eller 1,4 rundballar per sau. Dette greier han fint å dyrke i eit normalår.  Han har fått kraftig avlingssvikt i år og må setja inn tiltak. Her er ulike forslag:

Tabell 6:  Behov for rundballar for ein sauebonde med 200 søyer og korleis han kan spare grovfôr ved avlingssvikt

Tiltak

 

Behov for rundballar

Sparte rundballar

% av normalavling

 

Full appetittfôring

270

 

 

1

Redusere saueflokken med 5% dvs 10 færre påsettlam

260

10

96

2

Tiltak 1+ restriktiv fôring (50% av appetittfôring) med grovfôr i lavdrektigheitstida

180

90

67

3

Tiltak 1 + restriktiv fôring (50% av appetittfôring) i heile drektigheitstida

146

124

54

4

Tiltak 1 + berre NH3 halm i lavdrektigheitstida *) + restriktiv fôring av grovfôr i høgdrektigheitstida

66

204

24

*) Her vil det vera behov for å kjøpe ca 110 rundballar med NH3 halm.

Behovet for innkjøpt kraftfôr vil sjølvsagt auke vesentleg med restriktiv tildeling av grovfôr og bruk av NH3 halm. Men det er likevel god økonomi å ikkje redusere flokken meir enn det som er tilrådd for å få betre marknadsballanse. Ein stor reduksjon av flokken på grunn av lite grovfôr, vil føre til  at ein dreg med seg tapet inn i komande år når det blir normale grovfôravlingar.

Får ein tak i halm, og ein har nok grovfôr til restriktiv tildeling, så kan ein sjølvsagt kombinere halm og restriktiv tildeling av grovfôr, slik at søya blir mett.  Ein må uansett planlegge, slik at ein kan ha appetittfôring med det beste grovfôret ein har hausta i tida rundt lamming.

I dette eksempelet kan ein, med bruk av NH3 halm i lavdrektigheitstida,  og restriktiv tildeling av grovfôr i resten av drektigheitstida, greie seg med 30 % av normalavling.

Hjelpemiddel for berekne rett fôring

Ei surfôrvekt, fôranalyser, fôrplanlegging  og gode råd er gode hjelpemiddel for å rekne seg fram til rett fôring. Aktuelle nettadresser der ein finn informasjon om dette er:

Definisjon av ulike fôringsperiodar

  • Lavdrektigheitstida: Frå innsett til 8 veker før lamming
  • Høgdrektigheitstida: Frå 8 veker før lamming til lamming
  • Lammingstida: Lamming til beiteslepp

Tabell 7: Fôrplan med NH3 halm i lavdrektigheitstida 82 kg søye: 

Søye lavdrektig dårleg hold

Kg TS

Kg fôr

FEm

AAT

PBV

NH3 behandla halm 80 % ts

0,86

1,1

0,58

57,5

-27,5

Kraftfôrbehov

 

 

     

Kg kraftfôr *)

 

0,8

 

 

 

 Søye lavdrektig godt hold

Kg TS

Kg fôr

FEm

AAT

PBV

NH3 behandla halm 80 % ts

0,86

1,1

0,58

57,5

-27,5

Kraftfôrbehov

 

 

     

Kg kraftfôr *)

 

 0,43

   

 

 Påsettlam

Kg TS

Kg fôr

FEm

AAT

PBV

NH3 behandla halm 80% ts

0,42

0,6

0,29

28

-13,6

Kraftfôrbehov

 

 

     

Kg kraftfôr *)

 

 0,9

 

 

 

*) Kraftfôret bør ha minst + 10 g PVB/FEm

Tabell 8: Fôrplan med 50 % appetittfôring med middels tidleg hausta surfôr i lavdrektigheitstida 82 kg søye:

Søye lavdrektig dårleg hold

Kg TS

Kg fôr

FEm

AAT

PBV

1.slått surfôr < 25% kløver middels tidleg hausta 30 % ts

0,68

2,3

0,57

48,7

5,0

Kraftfôrbehov

 

 

     

Kg fiberrikt kraftfôr

 

 0,9

   

 

 Søye lavdrektig godt hold

Kg TS

Kg fôr

FEm

AAT

PBV

1.slått surfôr < 25% kløver middels tidleg hausta 30% ts

0,68

2,3

0,57

48,7

5,0

Kraftfôrbehov

 

 

     

Kg fiberrikt kraftfôr

 

0,43

 

 

 

Påsettlam

Kg TS

Kg fôr

FEm

AAT

PBV

1.slått surfôr < 25% kløver middels tidleg hausta 30% ts

0,37

1,2

0,32

27

2,7

Kraftfôrbehov

 

 

 

 

 

Kg fiberrikt kraftfôr

 

 1,0

 

 

 

Økonomiske vurderingar:

Eks. 1: Tidleg slakting av ikkje- slaktemogent lam på eit uttørka heimebeite samanlikna med å sluttfôre lammet på fiberrikt kraftfôr og minimum mengde grovfôr:

Dette eksempelet er berekna med Slakteoppgjerskalkulatoren 2018 som du finn "Beregningskalkulatorer" på Medlemsportalen; føresetnader: distr.t.sk. sone 2 i lammering, pulje 130 dyr eller meir:  
Lam levert veke 32 med 13,3 kg slaktevekt (ca 35 kg l. vekt) kl O
slakteoppgjer inkl. tilskot: kr 764

Sluttfôring i 28 dagar, tilvekst 350 g/dag :
Lam levering veke 36 med 17,9 kg slaktevekt (ca 45 kg l. vekt) kl R (lammet oppnår da Gourmet- og Stjernelamtillegg og kvalitetstillegg)
Slakteoppgjer inkl. tilskot: kr 1 634

Dette gjev eit vederlag for sluttfôring på kr 870 per lam eller kr 31 per dag. Dersom vi reknar kr 6 per dag i fôr, er vederlag til arbeid kr 700 per lam eller kr 25 per lam og dag. I tillegg får Nortura tilførslar av lam som det er mogleg å bruke til gode, lønsame produkt og ikkje berre fårikålkjøtt-råstoff.

Eks 2: Flokk på 100 søyer, nedslakting til 50 søyer samanlikna med å halde søyetalet stabilt og gje 50 % mindre grovfôr og kompensere dette med å auke kraftfôrforbruket.

I normalår er kraftfôrforbruket 70  FEm per søye, med grovfôrsparing er kraftfôrforbruket 190 FEm per søye. I normalår er dekningsbidraget kr 3000 per søye. Ved å spare på grovfôr og auke kraftfôrforbruket, blir dekningsbidraget kr 2660 per søye. Ved nedslakting reknar vi med at ein kan vera oppe i 75 søyer året etter avlingsskadeåret ved å setja på ekstra mange påsettlam.

Tapt dekningsbidrag ved å spare grovfôr og auke kraftfôrforbruket i avlingsskadeåret: kr 34 000

Tapt dekningsbidrag på 50 søyer i avlingsskadeåret ved å slakte ned: kr 150 000
Tapt dekningsbidrag på 25 søyer året etter avlingsskadeåret: kr 75 000

Sum tap ved nedslakting: 150 000 + 75 000 =  kr 225 000

Eks 3: Gje søyene mindre fôr og dermed oppnå lågare produksjon:

Dersom tal lam om hausten går ned frå 1,7 lam per søye til 1,5 lam per søye og medel slaktevekt per lam går ned frå 19 kg slaktevekt til 17 kg slaktevekt, vil dekningsbidraget gå da ned til ca 2420 per søye. Tap for flokken: ca kr 58 000.

Konklusjon:

Det lønner seg å prøve levere slaktemogne lam som oppnår kvalitetstilskot og kvalitetstillegg

Det lønner seg å halde produksjonen oppe, både når det gjeld tal søyer og produksjon per søye, sjølv om dette betyr at ein må kjøpe inn meir fôr.