(20.10.09) For lammesesongen 2010 vil Nortura stille som krav at alle lam skal vera merka med elektroniske merke når dei kjem til slakting. Dette er så viktig for oss, at om du kjøper elektroniske merke, uavhengig av leverandør, så vil prisen vera kr 10,- under listepris. OS ID og Nortura har i tillegg ein avtale som gir ekstra rabatt ved tidleg bestilling, avtalen gjer dei elektroniske merka rimelegare enn dei vanlege visuelle merka.
Nortura har i dei seinare åra investert store summar i å rasjonalisere og modernisere fabrikkane som slaktar småfe. Dette har vi gjort for å spare slaktekostnader og oppnå betre dyrevelferd. Mange av fabrikkane er difor alt tilpassa at dyra har elektronisk merking dvs. at det ikkje lenger er flokkslakting, men individslakting. Dette reduserer plass- og mannskapsbehovet på slaktefjøsa, stressar dyra mindre og dyra blir raskt og sikkert identifisert i samband med slakting. Dette har vore ei frivillig ordning og 90 % av alle lam som Nortura slaktar har nå elektronisk merking.
Problemet oppstår når ein heil flokk med lam kjem til slakting utan elektronisk merking. Da må alle siffer på øyremerket tastast manuelt (både individnr og dyrehaldsindentifikator) i alt 12 siffer. Dette reduserer farten på slaktinga, faren for feil-tasting er stor, og oppretting av feil kostar tid og pengar.
For å få full utteljing for investeringane som er gjort, vil difor Nortura for lammesesongen 2010 stille som krav at alle lam skal vera merka med elektroniske merke når dei kjem til slakting. Dette er så viktig for oss, at når du kjøper elektroniske merke, er det ein avtale om at du betaler frå kr. 2. pr. stykk (sjå tabell under) med den største rabatten frå OS ID. Det medfører at elektroniske merke blir rimelegare enn dei vanlege visuelle øyremerka:
| Pris elektroniske merker OS ID 2010 | Pris visuelt Combi Mini merke med 25 % rabatt | |||
| Combi E23 med Combi Mini tappdel | Grunnpris | Pris med 25 % rabatt frå OS ID | Pris med 25 % rabatt frå OS ID og avtale med Nortura | |
| Seriemerker med preging 2 sider | 16,00 | 12,00 | 2,- | 2,96 |
| Seriemerker med preging 3 sider | 16,90 | 12,68 | 2,68 | 3,64 |
For å få støtte frå Nortura, må altså eit av to merke du bestiller pr dyr, vera eit elektronisk merke og lamma må slaktast hjå Nortura. Tenkt godt igjennom kor mange merke du treng. Det er dyrt for både deg og fellesskapet dersom mange av øyremerka ikkje blir brukt.
Når heile buskapen etter kvart er merka opp med elektroniske merke, opnar det seg også for spanande muligheiter for å rasjonalisere drifta både på garden og på beite. Nortura jobbar aktivt for at det blir utvikla utstyr for dette. Les meir om dette og andre aktuelle spørsmål og svar om elektroniske merker i lenkene i botn, eller på fagbiblioteket for småfe.
Medlemstilbud på øyremerke frå OS ID
Bestillingsfrister for å oppnå dei ulike rabattane hos OS ID:
| Rabatt | Bestillingsfrist |
| Oppnå 25 % rabatt | 24. november 2009 |
| Oppnå 20 % rabatt | 20. januar 2010 |
| Oppnå 13 % rabatt | 1. mars 2010 |
Bestillingsfrist med rabatter frå OS ID er no gått ut, men det er framleis Nortura-rabatt på kr. 10 per merke.

» Utstyr for å utnytte elektroniske øremerker
» RFID – viktig brikke i matkjeden