Meld på aktuelle vêrlam til kjøttkåring. Formålet med kjøttkåring er å kvalitetsvurdere vêrlam som er gode på kjøttfylde, feittmengde og tilvekst. Vêrlamma får kåringspoeng ut ifrå avlsindeksar, vektavvik og bedømming av rygg, lår, beinstilling, brukseigenskaper og ullkvalitet.
![]() Nortura organiserer kjøttkåring av vêrlam i godt samarbeid med NSG. |
Vi har kjøttkåring både for lam som kjem frå avlsbuskaper og frå bruksbuskaper, men det er eit krav at besetninga er med i Sauekontrollen. Kjøttkåring kan gå føre seg både på kåringssjå og som gardskåring.
Kjøttkåra vêrlam kan seljast til bruksbuskapar eller brukast i eigen flokk på dei søyene som skal produsere gode slaktelam (bruksdyrkryssing).
Dei beste vêrlamma frå kjøttsauavlsbuskapane går vidare i kjøttsauavlen.
Har du vêrlam du ynskjer å kjøttkåre, meld deg på til desse kontaktpersonane i Team småfe i Nortura:
|
Fylke |
Påmelding til: |
Telefon |
|
Finnmark, Troms og Nordland |
971 44 702 |
|
|
Nord-Trøndelag, Sør-Trøndelag, Møre og Romsdal |
906 04 293 |
|
|
Sogn og Fjordane |
905 71 243 |
|
|
Hordaland, Nord-Rogaland |
971 65 537 |
|
|
Sør-Rogaland, Ryfylke og Vest-Agder |
932 65 811 |
|
|
Vestfold, Østfold, Akershus |
|
|
|
Hedmark og Oppland |
950 60 928 |
|
|
Buskerud |
990 22 805 |
|
|
Aust-Agder og Telemark |
902 04 121 |
På grunn av at det ikkje er vektgrense oppover for kunne få stjernelam på lam vil det ikkje bli betalt ut kompensasjon for slakta kåra verlam.
Skjema for innmelding til kåring samt regelverk finner du på nettsiden til NSG.
Er det noko du lurer på knytta til kjøttkåring, ta kontakt med din rådgiver i Nortura eller Karluf Håkull, hovudansvarlig for kjøttkåring i Nortura.
Ønskjer du å stilla til kåring for fyrste gong og du ønskjer meir rettleiing i vurdering av kandidat, ta kontakt med din rådgivar i Nortura. Det er i tillegg viktig at ansvarleg for sjået veit at du kjem så det blir plass til deg og dyra dine.