Team småfe i Nortura består av dyktige rådgjevarar med allsidig praktisk og teoretisk kunnskap om sau. Jobben vår er å vera kontaktpunkt mellom småfebonden og Nortura. Ta kontakt med oss! Vi er aldri meir enn ein telefon unna.
Vi skal også hjelpe småfebonden til eit best mogleg økonomisk resultat på garden gjennom god rådgjeving i samarbeid med resten av verdikjeda i Nortura.

Nedanfor finn du fagtilboda til Team småfe med prisar pr 1. juni 2010:
» Rådgjevingsbrosjyre som pdf. 3 042 kb
Grupperådgjeving
Den viktigaste rådgjevingsarenaen for Team småfe er ulike former for grupperådgjeving. Med få rådgjevarar og mange medlemmer er dette den mest effektive måten å treffe mange medlemmer på. Grupperådgjeving legg også tilhøva til rette for faglege diskusjonar mellom gode kollegaer, noko som bidreg til eit godt lokalt fagmiljø. Vi kan tilby grupperådgjeving innanfor fagfelta:
I samband med lammesesongen arrangerer vi også informasjonsmøte og slakteridagar for medlemmene våre. Grupperådgjevinga til Team småfe blir ofte arrangert i samarbeid med andre lag, organisasjonar og næringsdrivande med interesse for sau.
Pris pr eksternt møte: kr 2500,- + reise

Fagbibliotek på Internett
Team småfe har eigne heimesider på Internett. Her kan Nortura-medlemmene logge seg inn og finne aktuelle fagartiklar, tips og råd i eit fagbibliotek sortert på fagtema.
Vi har også stoff frå fleire Visningsfjøs frå heile landet der medlemmer som har bygd- eller skal bygge sauefjøs, fortel om erfaringane sine.
Pris: Gratis
Sauekontrollen er det landsomfattande registrerings- og rapporteringsverktøyet for sau i Noreg. Data frå Sauekontrollen gjev oversikt over produksjonen og difor grunnlag for å bli ein betre sauebonde.
Sauekontrollen leverer også data til det nasjonale avlsarbeidet for sau i Norsk Sau og Geit og til ei lang rekke forskingsprosjekt som skaffar ny kunnskap til sauebonden.
Team småfe har ansvaret for lokal drift av Sauekontrollen for Nortura sine medlemmer. Vi tilbyr brukarstøtte på ulike nivå:
Prisar Sauekontrollen:
|
Type medlem |
Webversjon |
Bondeversjon |
Led-Sau |
Rådgjevar-registrering |
|
Medlemmer t.o.m 30 sau
|
Grunnavgift: Kr 200 + kr 16 pr sau som lammer |
Grunnavgift: kr 200 + |
Grunnavgift: |
Grunnavgift kr 200 + kr 25 pr sau som lammer |
|
Medlemmer 31 sau og meir
|
Kr 700 |
Kr 700 |
Kr 700 |
Grunnavgift kr 600 + kr 12 pr sau som lammer |
Nye medlemmer i Nortura sin Sauekontroll får fyrste året gratis. Dette gjeld ikkje ved vanleg brukarskifte.
Byggrådgjeving
Det vil alltid vera behov for ombygging eller nybygging av sauefjøs og rasjonalisering av driftsopplegget for den som vil satse og utvikle seg som sauebonde. Team småfe ynskjer å vera ein god, nøytral samarbeidspartnar i slike prosessar og kan tilby byggrådgjeving på ulike nivå:
Prisar:
Byggskisse: kr 5.000,-
Byggråd: kr 13.000,-
Driftsplan
I samband med utbygging av garden og store omleggingar av drifta vil det vera behov for å lage ein driftsplan for å få god oversikt over økonomien i prosjektet.
Team småfe kan tilby å lage driftsplan med alle økonomiske nøkkeltal som skal til for å sende ein søknad til Innovasjon Norge.
Pris: kr 3.000,-

Ultralydmåling av kjøtt og feitt på livdyr
Ultralydmål av høgda av muskelen og feittlaget på ryggen gjev eit godt bilete av slaktekvalitets- eigenskapane til eit lam.
Vi tilbyr difor ultralydmåling av både søyelam og vêrlam og rådgjeving om utplukk av gode avlsdyr for god slaktekvalitet.
Pris: kr 500,- pr time (minstesats)
Driftsrådgjeving
Team småfe kan også tilby medlemmene våre eit rådgjevingsbesøk med ein generell gjennomgang av drifta.
Medlemsskap i Sauekontrollen er da ein stor fordel for å gjera besøket mest mogleg konkret og matnyttig. Alle som får driftsrådgjeving vil få ein rapport med dei råd og tiltak som bonden og rådgjevaren vart einige om.
Pris: kr 1.500,-

Team småfe skal vera eit av dei viktigaste verktøya for sauebonden i Nortura.
Visjonen for jobben vi gjer er: BEST PÅ SAU, SAMMEN MED OSS!