Søk:

Verktøylinje

Husdyrtreff 2014:

Elevar frå Storsteigen leverte beste oppgåve på sau

(03.06.14) Årets Husdyrtreff-vinnarar på sau er Gina Trønnes Lilleeggen frå Alvdal og Hanne Haugland frå Lønset i Oppdal (Sør-Trøndelag). Vinnarane er elevar ved Storsteigen vidaregåande skule i Alvdal i Nord-Østerdal.

I årets Husdyrtreff-konkurranse skulle elevane finne sterke og svake sider ved drifta til eit ungt par frå Nordland som nett har teke over ein sauegard. Gardbrukarane har også planar om å bygge om sauefjøset sitt, og elevane skulle også lage forslag på korleis ombygginga kunne gjerast.  

Lærar Karl Seim fortel at årets Husdyrtreff-vinnarar har praktisk erfaring med sau frå heimebruka sine. Dette syner dei fram i årets vinnarsvar, fortel ansvarleg for Husdyrtreff på sau, Finn Avdem i Nortura. Hanne og Gina er flinke til å gje ros for god drift, men har også peika på sider ved drifta som kan gjerast enda betre. Dei hadde også laga tre aktuelle skisser på korleis fjøset kan byggjast om, noko som gjev gardbrukarparet store muligheiter til å finne ei løysing som passar dei.

Til slutt skulle elevane grunngje kvifor eit lønsamt samvirke er også viktig for eit lønsamt landbruk over heile landet. Her viste elevane at dei har kunnskap om rollene Nortura har som rådgjevar, marknadsregulator med mottaksplikt, og den som set råvareprisen i marknaden.

Hanne Haugland og Gina Trønnes frå Storsteigen VGS har levert eit svært solid svar på årets Husdyrtreff-konkurranse  og er difor verdige vinnarar!

Utdanningsprogrammet ved Storsteigen er naturbruk med allsidig landbruk, hest og påbygging til studiekompetanse. I tillegg har skulen vaksenagronomkurs. Storsteigen har ca 80 elevar.

Husdyrtreff er eit samarbeidsprosjekt mellom Nortura, GENO, TINE og Norsvin der elevane ved alle landbruksskulane i Noreg får tilbod om å få tilsendt oppgåver om storfe, gris eller sau, saman med informasjon og fagstoff av ymse slag. Landbruksskulane får også tilbod om foredrag frå rådgjevarane i Husdyrtreff-organisasjonane. Dette er difor ein flott arena for å spreie informasjon om samvirke og tilboda vi har til komande bønder. I årets Husdyrtreff-konkurranse deltok 167 elevar frå 12 landbruksskular.

Frå venstre: Oddvar Austbø, Hanne Haugland, Gina Trønnes Lilleeggen, Terje Vedum og Karl Seim.
Bilete av vinnarane og lærarane i faga som har vore omfatta av husdyrtreff: Frå venstre: Oddvar Austbø, Hanne Haugland, Gina Trønnes Lilleeggen, Terje Vedum og Karl Seim.

 

Kontakt:
Karl Seim
Tlf: 99369274/ 62 48 94 40
E-post: karl.seim@hedmark.org