Søk:

Verktøylinje

Konsernsjefen med innovasjon i fokus

(14.05.14) Samhandling for innovasjon var blant det som Nortura sin konsernsjef Arne Kristian Kolberg la vekt då han nyleg la arbeidsdagen til Nortura sitt anlegg på Forus og til Måltidets Hus i Stavanger. Ved Forus møtte han fabrikksjef Vibeke Lamark og regionsjef Torgeir Erfjord og deira leiargrupper til felles møte. Her snakka han varmt om å fremje nyskaping på alle nivå i konsernet.

Av: Marit S. Hoven, informasjonssjef

– Innovasjon er å ta i bruk betre løysingar som fremjar forretningsmessige resultat. Dette kan til dømes vere å ta i bruk smartare arbeidsprosessar i drifta eller det kan vere dei grepa som skal til for at vi heile tida evner å levere attraktive produkt i marknaden, sa Kolberg.

– I Nortura skal innovasjon vere ein del av identitet, haldningar og handlingar for kvar ein som jobbar i konsernet, poengterte han.

Ved Forus har Nortura 650 tilsette som jobbar i heile verdikjeda frå råvarer til merkevarer.

– Det ligg mykje nyskapingskraft i alle desse dyktige medarbeidarane, sa konsernsjefen i det han vandra rundt på anlegget og møtte nokre av de mange engasjerte tilsette.

– Fyste dagen etter at Kolberg hadde vitja anlegget vart det sett ny slakterekord ved anlegget, så vi kan jo berre spekulere på om ikkje konsernsjefen faktisk satt inn eit ekstra innovasjonsgir med umiddelbar effekt her hos oss, seier fabrikksjef Lamark med glimt i augo.

Ved Måltidets Hus var det lagt opp til eit fagmøte om mat der både mesterkokkar og andre matinnovatørar fortalde konsernsjefen, seljarane og tilførselssjefane om kva dei venter av Norturas kjøttråvarer. 

– For Nortura er det viktig å lykkes både i markedet for volumprodukt og i markedet for lokal mat og spesialiteter og vi må heile tida ha offensive strategier for å lykkas, poengterte Kolberg.

Konsernsjef Arne Kristian Kolberg (t.h.) la nyleg ein arbeidsdag til Nortura sitt anlegg på Forus og Måltidets Hus i Stavanger. Her er han på vareekspedisjonen saman med fabrikksjef Vibeke Lamark, avdelingsleiar Olaf Onsøyen og lageransvarleg Kent Roger Lohmann.
Konsernsjef Arne Kristian Kolberg (t.h.) la nyleg ein arbeidsdag til Nortura sitt anlegg på Forus og Måltidets Hus i Stavanger. Her er han på vareekspedisjonen saman med fabrikksjef Vibeke Lamark, avdelingsleiar Olaf Onsøyen og lageransvarleg Kent Roger Lohmann.