Søk:

Verktøylinje

NM-vinnar frå Fåvang og Nortura klyppeteam

(08.10.14, endret 14.10.14) Sist helg vart NM i saueklypping arrangert i Sirdal i Vest-Agder med deltakare frå rundt om i landet, også frå vår region. Ein av desse var 17 år gamle Lars Sønstevoldhaugen frå Ringebu kommune, Oppland, som stilte i juniorklassa. Og han slo likegodt alle saman etter rask og rein klypping. John Gerhard Håkull frå Skjold vart Norgesmester i ullhandtering (lengre ned i saken).

Av: Erling Skurdal, tilførselsleder småfe i Øst

Lars har drive som saueklyppar i fleire år alt, men det var i fjor at han for alvor tok steget utom garden heime og starta med klypping hos andre. Fleire tusen sau og lam har alt vorte frisert av han, og mange flokkar står på oppdragslista i haust.

Som oftast klypper han saman med ein av dei andre ungdommane i det gode klyppemiljøet i Midt-Gudbrandsdalen.

Det er mange unge i Nortura klyppeteam. Lars Sønstevoldhaugen er heilt til høgre.
Det er mange unge i Nortura klyppeteam. Lars Sønstevoldhaugen er heilt til høgre. 

Lars er også med i Nortura klyppeteam region Øst, ein gjeng med klyppare i ulik alder som Nortura kan by fram til sine medlemmer om nokon treng hjelp til å klyppe sauene sine. 

Teamet har ei samling med instruksjon kvart haust på Rudshøgda, der klypperiggen kan nyttast av andre til kurs/instruksjon på ettermiddags- og kveldstid etter at den ordinære klyppinga er avslutta for dagen.

Nortura gratulerer Lars med den store prestasjonen!

Lars i full konsentrasjon på samlinga som Nortura klyppeteam har kvar haust på Rudshøgda.
Lars i full konsentrasjon på samlinga som Nortura klyppeteam har kvar haust på Rudshøgda.
 



NM-vinnar frå Sandeid

John Gerhard Håkull (frå Skjold) vart Norgesmester i ullhandtering, og var suveren både på tempo og kvalitet.

Av: Britt Randi Stokkevåg, fabrikksjef Nortura Sandeid

Han jobber til daglig i fjøset på Nortura Sandeid, og har ikkje fått trent i dette faget den siste tida. Sjølv seier han at god planlegging og mental trening er viktig, og det har han gjort ein del av i det siste.

Stina Bakkedal (frå Vikedal) fekk ein flott 3. plass og Janine Olga Grimaas (frå Vikedal) fekk 4. plassen. Begge jobber til daglig på ullstasjonen på Nortura Sandeid.

I tillegg fekk Stina Bakkedal eit imponerande resultat i klassen for amatør saueklypparar, der ho fekk ein flott 2. plass. Ho har gått på 3 klyppekurs hjå Nortura, og klypper sine egne dyr heime på garden i Vikedal.  


Kvart år reiser gjengen frå ullstasjonen på Sandeid for å delta på denne konkurransen. – Det er spennande, kjekt å konkurrere og svært sosialt. Arbeidsmiljøet i avdelinga er kjempebra, og denne turen er bra for samhaldet, seier Stina, John Gerhard og Janine Olga.