Søk:

Verktøylinje

Norsk slaktekyllingproduksjon, ein produksjon å vera stolt av

(04.11.14) Etter mine fem år som spesialveterinær i Nortura, der storparten av tida er brukt ute blant kyllingar, høner, hanar og produsentar, kjenner eg meg ikkje igjen i det biletet som blir skapt i media.

Astrid BergAv: Astrid Berg, spesialveterinær

ESBL, risikoprodukt, tråputesår, beinproblem, unaturleg vekst, industriproduksjon, dårleg dyrevelferd, 36kg/m² mot tilrådd 25kg/m², tusenvis døde på transport, eit trongbudd liv utan dagslys. Dei negative utsegnene om norsk slaktekyllingproduksjon er mange og hyppige. Og til stor byrde for heile bransjen, ikkje minst for den enkelte produsent.

Men kva skjuler seg bak overskriftene? Kven er desse som har slaktekyllingproduksjon som levebrød? Og kva med kyllingane, lever dei eit miserabelt liv? Utfordringar/problem i produksjonen, er det nokon som bryr seg?

Eg møter slaktekyllingprodusentar kvar dag, ute i kyllinghuset, på telefon, på kurs, seminar og produsentmøter. Eg møter oppegåande, kunnskapsrike, engasjerte, flinke husdyrbrukarar som stiller store krav til seg sjølv og til meg som deira veterinær. Her nyttar det ikkje å koma med lettvinte påstandar og løysingar, det eg kjem med må vera truverdig men då blir det og lytta til. Og handla etter.

Å produsera kylling er ingen lettvint jobb
Det som særpregar produksjonen, er at alt går fort. Ein må vera i situasjonen og gjera tiltak fortløpande. Er ikkje huset klargjort på rett måte til innsett, får det konsekvensar utover i innsettet. Kvar dag er det mange faktorar som må passast på, små detaljar som skal fangast opp. Daglege registreringar, teknikk og computer er til god hjelp, men til sjuande og sist er det produsenten med blikket for dyra og tolking av registreringar som er avgjerande for god trivsel og eit godt resultat.

Utfordringar, finst dei?
Ja, det er stadig utfordringar, både kjente og nye problemstillingar. Produsentane handterer utfordringar dagleg som oftast utan å tenkja over det, det er ein del av jobben. Større utfordringar må ein ofte vera fleire for å løysa, ved å jobba tverrfagleg i team. Varemottakarane har breitt samansette rådgivningsteam, fôrprodusentane og utstyrsleverandørane er godt skodde med fagfolk, me har støtte frå Animalia og Veterinærinstituttet. Og ikkje minst frå avlsfirma. Enkelte utfordringar kan det ta lengre tid å løysa, men det er aldri aktuelt å snu seg vekk.

Tilsyn og kontroll
Kylling på strøI fjor fekk me det nye dyrevelferdsprogrammet og alle slaktekyllingprodusentar, uansett varemottakar, pliktar å delta i effektivitetskontroll.

Dette er ikkje nytt, Nortura sin slaktekyllingkontroll har hatt nær sagt 100 % tilslutning sidan den vart oppretta tidleg på 90-talet. Kvart innsett får her si "vurdering" og er eit godt verktøy for produsent og varemottakar. På denne måten har varemottakar heile tida eit godt grunnlag for å vera oppdatert på produksjonen hjå kvar enkelt produsent og for å fanga opp utfordringar som må tas tak i.

I tillegg kjem Mattilsynet si vurdering av flokken på slakteriet samt at Mattilsynet er på tilsyn hjå kvar produsent kvart år.

Alle slaktekyllingprodusentar har avtale med veterinær og er pålagt minst eit veterinærbesøk i året. Utover det er dei plikta å ta kontakt ved avvik i produksjonen. Det er og ofte slik at er det problem hjå ein produsent, vil dette  gjelda fleire. Det kan vera kylling frå same klekk, fôr frå same fôrbatch osb. I slike tilfelle blir alle dei aktuelle kontakta, forholda undersøkt og eventuelle tiltak sett inn.

Helsesituasjonen i norsk husdyrproduksjon er god
Faktisk så god at når eg treffer utanlandske kollegaer er det ei utfordring å få dei til å tru meg. Slaktekylling blir aldri vaksinert, foreldredyra får kun 4 vaksinar i oppalet, langt under det som er vanleg og naudsynt andre stader. Antibiotikabruken er i praksis fråverande. Eg har i løpet av fem år behandla 3 små flokkar med til saman 10000 kyllingar og det er nå 3 år sidan sist. Med dagens fart på slaktelinja er det ein dryg time slakting.

Alle flokkar blir testa for Salmonella før slakting, normalt er det 1-2 positive pr år. Desse blir avliva i huset og sendt til destruksjon før huset og området rundt blir sanert for smitte. Desse kyllingane kjem aldri ut til forbrukerane. Heilt sjølvsagt for oss, men absolutt ikkje slik i alle land.

I sommarhalvåret blir alle flokkar og testa for Campylobacter, slakt frå positive flokkar blir fryst eller varmebehandla før dei går ut til forbrukar. Det er det heller ikkje så mange andre land som gjer.

Me er frie for alvorleg smittsame sjukdommar. Det sparer oss sjølvsagt for store produksjonstap, men det sparer og kyllingane for smerte og liding.

ESBL er heilt klart ei stor utfordring som blir tatt på største alvor. Handlingsplan er vedtatt, planen er ambisiøs men me har tru på han. Målet er å bli kvitt ESBL-smitten. Men eg vil nemna at og her er me i ein langt betre situasjon enn dei fleste andre. Det går både på graden av ESBL og type ESBL.

Kyllinghus

Tilbake til mine besøk i kyllinghusa
Når media omtalar grenser for belegg, blir det framstilt som om det er 36 kg/m² gjennom heile innsettet. Det er jo langt frå sanninga. Fram til dei siste dagane før slakting har kyllingane god plass som blir brukt. Det er alltid like gildt å sjå trivelege kyllingar som spring etter kvarandre, måler krefter eller strøbadar. Og eg ser mange slike flokkar.

Vekstpotensialet til slaktekyllingen er stort. Og med lågt smittepress, ikkje vaksinering, godt fôr og godt miljø, oppnår me svært gode produksjonsresultat. Tilveksten er god, fôrforbruket og dødeligheten låg samanlikna med nær sagt alle andre. Men me har ikkje bare fokus på tilvekst og fôrforbruk. Dyrevelferden går me ikkje på akkord med. God utvikling av bein er avgjerande for god dyrevelferd. Rett samansett fôr er alltid viktig og igjen blir det kontinuerleg jobba tverrfagleg for robuste og trivelege kyllingar.

Stolte
Norske slaktekyllingprodusentar har all grunn til å vera stolte av produksjonen! Dei produserer kylling med god helse og god dyrevelferd som gjennom våre slakteri og foredling gir forbrukarane trygg, god og sunn mat! Det er eit stort apparat av fagfolk involvert, registreringar og dokumentasjon av heile produksjonen er detaljert. Det blir lagt opp til at avvik lett kan avdekkast og tas tak i. Men sentralt i produksjonen er alle våre dyktige slaktekyllingprodusentar som veit kva dei driv med og som veit kor dei skal søka råd for små og store utfordringar i kyllinghuset.

Kylling i hand