Søk:

Verktøylinje

Norske kyr skal skape forsoning i Bosnia

(10.02.14) Jusuf Arifagic frå Gjøvik overlevde interneringsleirar og etnisk rensing under krigen i Bosnia for 20 år sidan. No vil han at norske kyr skal bidra til både økonomisk vekst og forsoning på Balkan.

Det er like før jul, 2013. 96 kyr av rasa Norsk Rødt Fe legg ut på si livs reise frå Nortura sitt anlegg på Rudshøgda i Hedmark. Kyrne kjem frå ulike gardsbruk i Trøndelag, Hedmark, Oppland, Østfold og Telemark. No er dei på veg til Trnopolje i Bosnia-Herzegovina.

– Eg håpar dei kan bidra til å bygge opp landet og jordbruksproduksjonen, seier gardbrukar Knut Olav Thujord frå Fåvang i Gudbrandsdalen.

Tre av kvigene hans er med på lasset til Jusuf Arifagic sitt nybygde, moderne fjøs med plass til nesten 700 kyr. Til eit nytt liv, ei ny framtid. 


Norske kyr på plass i Bosnia. Sjå tv-reportasjen frå NRK Laurdagsrevyen 

– Verdas største NRF-farm
Det er januar 2014 i Trnopolje. Jusuf Arifagic viser rundt i det 6600 kvadratmeter store fjøset som ligg like ved staden der fangeleiren ein gong låg. Her er alt nytt og moderne. Gummimatter på golvet, automatisk styring av lys og temperatur, avdempa musikk i høgtalarar på veggen. I løpet av 2015 håpar han å kunne bygge seks nye fjøs med ein kapasitet på tilsaman 5000 kyr.

– Det kan bli verdas største NRF-farm, ler Arifagic.

No er det 99 dyr i fjøset. Tre kalvar er komne til sidan dei 96 første kyrne kom frå Norge for ein drøy månad sidan.

– Den første gav vi namnet Bosnia, seier ein smilande Arifagic. Dei er på ein måte flyktningar i Bosnia. Det er ikkje så lett.

Investerer 20 millioner
Han veit kva han snakkar om. Jusuf Arifagic kom med kone og eit lite barn som FN-flyktning til Norge i desember 1992. Her vart dei plassert på asylmotak på Harastølen i Sogn og Fjordane.

– Det var ein tøff periode, minnest Jusuf. Men det var i alle fall trygt.

Etter to år kom den vesle familien til Toten, og no bur dei i Gjøvik. I Norge har Arifagic tent pengar mellom anna på utleige og kjøp og sal av eigedom.

No investerer han over 20 millionar kroner på å bygge opp ei bosnisk stamme Norsk Rødt Fe. Målet er å auke mjølke- og kjøttproduksjonen i heimlandet ved å innføre ei kurase som både har god helse og høg produksjon. Men han har også eit større mål med prosjektet.

Les hele artikkelen på nrk.no