Søk:

Verktøylinje

Nortura Førde 30 år

(20.09.14) Nortura markerar 30 års verksemd på Reset i Førde. 3700 bønder skapar grunnlaget for vår aktivitet på Reset. – Dette er eit anlegg vi er glade og stolte av og som vi ynskjer å utvikle vidare, seier fabrikksjef Eivind Fonn.

Nortura Førde

Omfattande verksemd
Verksemda ved anlegget famnar slakting av gris, småfe og storfe, skjering av småfe og storfe, og foredling av stykka kjøt. Her er og ein ullstasjon som tek i mot  500 tonn ull per år.

Nortura i Førde har eit stort og krevjande område for inntransport; frå Romsdalsfjorden i nord til Bergen i sør. I løpet av eit år vert det slakta 25000 storfe, 36000 gris og 121000 småfe ved Nortura i Førde. Her finnes landets største skjereavdeling for småfe og eit stort tal storfe vert skjert her årleg.

Kompetent og stabil arbeidsstokk
Dei tilsette har jamt over mykje kompetanse og gjennomsnittleg ansiennitet er meir enn 20 år for dei 120 fast tilsette.  I lammesesongen om hausten er det totalt 270 folk i sving på anlegget.

Velkommen til jubileumsfeiring!

Open dag 20. september!
Jubiléet vert feira med open dag på anlegget laurdag 20. september. Fabrikksjef Fonn ser fram til å ynskje folk velkommen til å sjå aktiviteten inne på anlegget.

– Her vert slakting av småfe og skjering av storfe og småfe, seier fabrikksjefen. Dei som vitjar Nortura Førde får óg sjå handsaminga av nokre av kjøtråvarene frå råvare til leveringsklare Gilde-produkt, slik som fårikål.

Jubiléet for Nortura skjer same veka som merkevara Gilde fyller 50 år.

Og ja; sjølvsagt vert det grillmat å få for dei som kjem på jubileumsdagen.
 

Litt historie