Søk:

Verktøylinje

Nortura Sandeid feira 40 år

(25.08.14) Så mange som 180 feststemte folk var nyleg til stades for å feire at Nortura har hatt Slakteri i Sandeid i 40 år. Her var både Nortura-bønder og tilsette, og småferådgjevar Karluf Håkull leia jubileumsfesten.

Her var mange som hadde taler dei ville framføre. Fabrikksjef Britt Randi Stokkevåg fortalde med historisk blikk om korleis anlegget har vore drevet  og kva endringar som er gjennomført i driftsopplegget gjennom modernisering av oppgåver og rutinar. Ho starta og avslutta talen med referenget i "Vest-Ro sangen".

Regionutvalsleiar Even Øyri, tillitsvald Olav Osaland for NNN og kretsleiar Norleif Fjellheim hadde tankar dei gjerne ville dela med jubileumsforsamlinga. Og ordførar Ole Johan Vierdal i Vindafjord kommune held ein flott og humoristisk tale. Han har sjølv jobba i fabrikken i sin ungdom, og hadde historier frå den tid også. I tillegg hadde han med ei stor, flott rosemala blomsterurne med helsing på, som gåve frå Vindafjord Kommune.

Mange av dei tilsette har jobba godt for å få til festen, ved å laga mat til 180 personar, og kontrollen på alt i Sandeid Samfunnshus. Det vart servert rikelig med god spekemat, sjølvsagt i følgje av lekre kaker og kaffi, som freista mange.

Verksemda ved Nortura Sandeid famnar slakting av storfe og gris og slakting og skjering av småfe. I underkant av 70 personer er tilsette ved anlegget.