Søk:

Verktøylinje

Over 200 møtte på fjosåpning

(20.11.14) Tor Arne og Tove Liland arrangera saman med Nortura ope fjos på Liland i Sirdalen, og det var over 200 frammøtte som vil sjå korleis dei hadde gjort om grisehuset til sau.

Av: Tor Gunnarson Homme, spesialrådgiver bygg Team småfe 

Besøkande høyrar på bonde Tor Arne Liland som fortel om kva val han har gjort i sitt nye sauefjos
Besøkande høyrar på bonde Tor Arne Liland som fortel om kva val han har gjort i sitt nye sauefjos.

Det ombygde grisehuset har fått heva golvet og det er lagt skrapeanlegg under drenerande plastgolv. Fôrtildelinga er på eit rullande fôrbrett med ein stasjonær rundballekuttar. Det er drivgonger kring heile utkanten av fjoset som gjer det enkelt å flytte dyr.

– Eg ville ha god plass i bygget og har difor vald å heller ha eit fôrbrett og veldig djupe bingar, seier Tor Arne.

Det er ein kjend sak at det er når lamminga kjem at fjoset alltid vert i minste laget, men med over 4 meter djupe bingar vil det vere god plass også i lamminga her i fjoset. Det er også laga til moglegheit for å fôre i drivgongene i lamminga slik at lammingsbingane kan settast her.

Tor Arne ville ikkje få for dårleg plass i fjoset, og når han allereie hadde huset kunne han ta seg råd til å ha større areal per dyr utan at det hadde for stor innverkning på kostnadane.
Tor Arne ville ikkje få for dårleg plass i fjoset, og når han allereie hadde huset kunne han ta seg råd til å ha større areal per dyr utan at det hadde for stor innverkning på kostnadane.

Lågt tak
Ei utfordring som ein ofte møtar i slike ombyggingar er at takhøgda ikkje er mykje å skryte av. Gjødselskrape under rister byggjer sjølvsagt også litt, og når det då i tillegg skal inn fôr kvar dag og ha ei rasjonell fôrtildeling er det ikkje alltid like enkelt å få alle funksjonane inn under same tak.

I utgongspunktet var det tenkt å byggje opp golvet i fôrsentral til same høgde som det drenerande golvet, og bruke ein hjuldriven rundballekuttar til å forsyne det rullande fôrbrettet. Dette vart i ettertid gjort slik at det vart bruka ein batteritruck til å leggje i rundballar. Denne greidde seg fint sjølv om det var lågt tak. 

Tor Arne viser korleis det rullande fôrbrettet fungerar som vekker stor interesse blant unge og gamle.
Tor Arne viser korleis det rullande fôrbrettet fungerar som vekker stor interesse blant unge og gamle.

Byggmeistar
Planane er teikna av byggrådgivar Tor Homme i Nortura, medan Tor Arne Liland sjølv er byggmeistar og har vore veldig involvera i heile prosessen.

Martin Moi har levera det meste av innreiinga, skrapeanlegget og det rullande fôrbrettet frå Knarrhult, medan Fjøssystemer har levera plastristene.

Kostnadane vart berekna til kr. 1.450.000,- eller kr. 9.667,- per vinterfôra sau, men reknskapet er ikkje heilt ferdig endå kan Liland fortelje. 

Familiedag
Det var besøkende i alle aldrer som hadde tatt turen til åpninga av fjoset til Tor Arne og Tove, kor det var servering av grillmat, lappar, kaffe og kaker. 

Tilførselsleiar for sau i Nortura på Forus, Siri Kvam Haugland var strålande fornøgd:

– Me hadde med 150 par overtrekkssko, men måtte finne nye ganske fort, seier ho med eit smil om munnen.

Tillitsvald i Nortura i Sirdalen, Arne Tjørhom, møtte i finstasen og passa på at dei frammøtte ikkje svelte.
Tillitsvald i Nortura i Sirdalen, Arne Tjørhom, møtte i finstasen og passa på at dei frammøtte ikkje svelte.

Samarbeidspartnerane til Tor Arne og Tove i ombygginga
Samarbeidspartnerane til Tor Arne og Tove i ombygginga

Det ombygde grisefjoset set utanfrå
Det ombygde grisefjoset set utanfrå

» Planteikning, Tor G. Homme, Nortura