Søk:

Verktøylinje

Vellykka kjekampanje

(05.06.14) I starten av mars og starten av april hadde Nortura salskampanje og selde 900 kje i utvalde Ultrabutikkar i Oslo.

Av: Finn Avdem, fagrådgjevar småfe i Nortura

Vi gjorde avtale med geitebønder som leverer slakt til Sandeid, Gol og Førde. I løpet av fire kampanjeveker, selde vi 900 kje til ein pris som forsvarer både avtaletillegget til bonden og kostnadene til Nortura.

Logistikken fungerte veldig godt gjennom heile verdikjeda, og attendemeldingane frå kundane var gode. Dette har vi difor lyst til å gjenta til neste år, kanskje med dobbelt antall kje.

Håpet er at vi med dette kan skape ein større marknad for kjekjøtt slik at vi kan ta ut ein betre pris og auka lønsemda for geitebonden.

Vellykka kjekampanje

Vellykka kjekampanje

Vellykka kjekampanje på Ultra