Julesamling for krins 68 og 69 på Sande i Sunnfjord

(17.12.18) Laurdag 15. desember var eigarane i desse to krinsane inviterte til julesamling. Jan Erik Fløtre frå konsernstyret, leiar i arbeidsutvalet i regionen, Lidvin Hage, og Ingebjørg Øien frå Nortura-anlegget i Førde var med oss.

Frå møtetAv: Ingvill Jørgensen, organisasjonsleiar

Dei informerte om status for Nortura, tillitsvaldarbeid og kor viktig det er at vi som eigarar engasjerer oss. I tillegg fekk vi praktisk informasjon om at det er viktig å levere tørre lam om hausten, og om arbeidet på anlegget siste åra. Det vart også informert om at leverer ein dyr utan øyremerke, kan ein risikere at dyret blir kassert. 

Rundt 30 personar deltok på samlinga. Det var ei engasjert gruppe med både innspel og spørsmål. Fleire var opptekne av problemstillingar rundt at ein kan kome til Rudshøgda eller anlegg som ligg andre stader når ein prøver å kontakte Førde. Dette fungerer dårleg, og krinsstyret vil arbeide vidare med å lage ein uttale frå krinsmøtet om dette. Det var også innspel som gjekk på kvaliteten på innkjøpte livdyr, kan vere stor variasjon på kalvar.

Det var mykje skryt av maten, og vertskapet kunne då opplyse at det var testvinnaren Gilde pinnekjøt som stod på menyen.

Frå krinsmøtet i februar komande år vil desse to krinsane gå saman til ein. Møtelyden vart utfordra til å kome med innspel til namn på den nye krinsen. Det beste framlegget vil bli premiert under krinsmøtet.

Takk til alle deltakarar for ei triveleg stund.