Nortura julemøte i Hafslo

(12.12.18) Mandag 10. desember arrangerte Indre Sogn krets julemøte for medlemmar på Lyngmo leirstad på Hafslo. Rundt 95 frammøtte vart prensentert for den nye regionsjefen i Vest, Einar Risnes, som fortalde tydeleg og engasjert om utfordringar og forventningar både til organisasjonen og produsentar.

Einar RisnesRisnes poengterte at ei felles forståing av samvirkeprinsippet bør bli ein viktig faktor i det vidare arbeidet i Nortura.

Ei aktiv forsamling fekk stille spørsmål, og også krav til den nye regionsjefen. Tilbakemeldingar er bra, og Risnes oppfordra medlemmane til å aktivt bruke dei tillitsvalde, og på den måten engasjere seg i den vidare utforminga av Nortura.

Ein triveleg førjulskveld, med god stemning og god Gilde julemat, vart avslutta med overrekking av blomster til Olav Høyheim Einan frå Luster, som tidlegare i haust vart kåra til Årets unge Bonde 2018, forteller Aud Halland Molvik i kretsutvalet Indre Sogn.


Denne saken er også lagt på vår facebookside om du vil gi oss tilbakemeldinger på julearrangementene våre.