Møt Sverre Åreskjold – inntransportsjåfør på Sandeid

(12.08.20) Sverre (22) som er fra Ølensvåg i Rogaland starta på Nortura Sandeid som lærling i yrkessjåførfaget, han fikk fast jobb etter at fagbrevet var på plass.

– Eg er berre barnet i forhold til dei andre sjåførane, seier Sverre med eit flir om munnen.

Sverre køyrer ein dyrebil som har 3 etasjer, der det går storfe i 2 etasjer. Det er svært effektivt.

– Sist veke køyrte han 3 dagar og hadde 5 lass. På dei 5 lassa hadde han til saman 96 storfe. Med ein vanleg dyrebil, måtte han køyrt 7 lass for å få med like mange dyr, seier fabrikksjef på Nortura Sandeid, Britt Randi Stokkevåg.

For å få dette til, er det mykje som må klaffe. Transportplanlegginga er viktig. Lassa skal vera så fulle som mogleg, innanfor krava, og i tillegg skal dyra komme inn til slakting til rett tid. Dette krever ei nøyaktig planlegging, erfaring og gode kunnskaper hjå den som planlegger.

No på ettersommaren er det Asbjørn Høiland som planlegger køyringa inn til Sandeid-anlegget. Elles er det Kristin Silde Frønsdal som tek seg av planlegginga, ho har også har vore lærling her på Sandeid. Kristin har fagbrev både i logistikk og som yrkessjåfør.

Sverre seier at han er svært fornøgd med bilen. Han vil ikkje tilbake til dei andre bilane. Denne er mykje betre.

– Det fungerer bra å ha storfe i 2 etg. I starten var det litt "nervepirrande" å ha storfe så høgt oppe, men det er stødigare enn kva eg såg for meg. Det har gått seg til, og no er eg vand med bilen så no går det godt, seier han.

Med storfe i to etasjer blir det meir å vaske, men det er likevel mykje meir effektiv transport.

Sverre får ofte oppdrag med å køyre storfe då han har plass til mykje på bilen. Det betyr at han har den mest risikofylte transporten, derfor er HMS viktig.

– Av- og pålasting skal skje under godt kontrollerte forhold, det er ikkje akkurat den rette tida til å prate med bonden om alle prosjekta hans. Det får ein heller ta etterpå. Dyrevelferden er viktig, og et er mykje å passe på. Dyra skal ha det så godt som det let seg gjera.

– Heldigvis har eg ein svært bra bil både for dyra og for meg sjølv, seier han.