Auka sal av kje i kampanjen
(11.05.20) Nortura hadde også dette året kje-kampanje i samarbeid med ein del Nortura-geitebønder, Meny, Jakobs og Mega.
– I veke 7, 10 og 17 slakta vi 2 200 kje frå geitebønder som hadde avtalt slakting av kje med oss. Dette året vart det jobba betre med salet enn i fjor, og det ga resultat. Vi oppnådde ein salsvekst på 20 %, seier fagsjef småfe i Nortura, Finn Avdem.
Dei to fyrste kampanjevekene fekk vi seld alt som var tilgjengeleg, medan det vart overskot av kje i veke 17.
– Vi må difor jobbe vidare med korleis vi skal få denne varestraumen til å fungere enda meir optimalt, seier Avdem.