Eldsjeler for sauen

(04.07.19) Dersom du skal ha eit møte med leiaren for Bondelaget, Sau og Geit og lammeringen i Hamarøy og Tysfjord, så treng du ikkje å kalle inn så mange. Ragnhild Engan er nemleg leiar for alle desse lokallaga. I tillegg er ho AU-medlem småfe for Nord-Noreg, og leiar i det nasjonale Fagutvalet for småfe i Nortura.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Ragnhild og ektemannen Finn er i toppsjiktet i landet både når det gjeld slaktekvalitet på lam, saueavl og gjetarhund. I slutten av mai pakka vi difor sekken og reiste til Krokan Gård for å bli enda betre kjent med to eldsjeler for sauen og sauemiljøet i Nord.

Krokan Gård er eit bureisingsbruk frå 1980, rydda av far til Finn. Finn mimrar om lange dagar med plukking av røter og stein, men etter kvart vart det bygd sauefjøs med plansilo og dyrka 56 mål med jord. 

Enkelt, men rasjonelt sauefjøsEnkelt, men rasjonelt sauefjøs

Finn har alltid vore interessert i sau og bondeyrket, og fekk overta garden i 1992, som 25-åring. Sidan den gongen har det vore ei rivande utvikling på Krokan. Meir leigejord vart tilgjengeleg når naboar la ned drifta, saueflokken vart større og det vart trongt om plassen i sauefjøset. I år 2000 kom Ragnhild til gards. Ho var alt ein erfaren sauebonde, og hadde med seg 130 sauer på flyttelasset. Mykje sau og liten plass betyr mykje arbeid med logistikk og improviserte rom for sau.

Nytt sauefjøs
Ragnhild og Finn byrja difor å planlegge nytt fjøs og i 2005 stod nytt sauefjøs klart, eit uisolert, enkelt fjøs med naturleg ventilasjon. Den nedste lekta under tømmermannspanelen er løfta, slik at det kjem luft inn nedanfrå og går ut gjennom det opne mønet. Det er to langsgåande 80 cm breie fôrbrett, og kvar binge er 2,10 m djupe. Innreiinga er sjølvsnekra av tre med langsgåande eteopningar. Einaste mekaniseringa er ein takhengt rundballerivar frå TKS. Den vart heller ikkje så dyr, fordi plansiloen i det gamle fjøset vart bygd om til sauefjøs. Da trong ein ikkje silotalja lenger, og skinnene kunne brukast til rundballerivaren.

Kostnaden for nyfjøset til 300 sau, med to meter høg gjødsel-kjellar under, inkludert rundballerivar, kom på 1,2 millionar eller kr 4000 per sau. Ragnhild fører rekneskapen sjølv, og veit kor viktig det er å halde dei faste kostnadene nede for å få overskot og god økonomi i drifta. Det gamle sauefjøset med ca 100 søyer blir fôra manuelt med trillebår, og kraftfôret blir også tildelt med bøtte oppå grovfôret. Det er gjort to endringar etter at fjøset var nytt. Strekkmetallet i bingane er bytta ut med plastgolv. I samband med dette så vart også bingefronten skifta ut. Ein laga da stengsel, slik at ein kunne stenge søyene ute i samband med fôringa. Dette gjorde at søyene dreg mindre fôr inn i bingane. Spesielt når det er kaldt, så er det lett å sjå at sauen trivst betre på plast enn på strekkmetall. Ulempa er mindre klauvslitasje.
Elles fungerer sauefjøset veldig bra.

Gjennomtenkt grovfôrstrategi
Før hadde nesten kvar familie ein liten flokk med sau, og gardsdrifta var kombinert med fiske. Dette er det nesten slutt på. Ragnhild og Finn haustar rundballar på 500 mål jord, og ytterlegare 400 mål blir berre beita. På gjødselplanen står det 27 skifte, og dei må køyre 6,4 mil for å koma til den jorda som er lengst borte. Mykje av denne jorda hadde nok gått ut av drift om ikkje Ragnhild og Finn hadde hausta graset. 

Ein må tenkje strategisk korleis ein dyrkar grovfôr med ein slik jordveg. Skifta nærast garden blir pløgd og gjødsla godt med møkk. Her blir kvalitetsfôret til lamming dyrka. Dei brukar i alt ca 6-700 rundballar på 400 søyer. Målet er at 2-300 av desse rundballane skal ha ”lammingsfôr-kvalitet”. Lang frakt krev også effektiv transport. Dei har difor investert i ein rundballehengar som blir brukt heile innefôringssesongen for å hente grovfôr rundt omkring. Jorda på Krokan får ein god porsjon møkk, blir pløgd og tilsådd med Italiensk raigras kvart år. Dette beitet blir brukt til overskotslam og som sluttfôring til slaktelam om hausten. Tilveksten blir veldig bra på raigrasbeitet, spesielt når hausten er tørr og fin.

Kvalitetsproduksjon av lam
Krokan gård gjer seg fortent til ROSporselen (ROS= ResultatOversiktSlaktedata) frå Nortura stort sett kvart år.

Korleis greier de å produsere lam med så god slaktekvalitet? 

- Mykje handlar om bevisst plukkslakting, seier Finn. Mange lam med feitt-trekk nyttar ikkje om ein skal hevde seg på ROS. Alle slaktelamma blir sortert ut ved sanking og går på gode raigrabeite heime på Krokan. Kvar einaste veke blir slaktelam-flokken sendt gjennom ei elektroniske vekt med sorteringsanlegg. I starten på sesongen er vektgrensa ca 45 kg, litt lågare på søyelamma. I tillegg kjenner Finn på ryggen til alle lamma for å vurdere haldet. I 2018 viser resultatet 98,3 % Stjernelam og berre 1,5 % av lamma hadde feitt-trekk. På grunn av trening av gjetarhund, har dei skaffa seg nokre søyer av farga spælsau. Dette er ei mindre rase, og det er også viktig å setje ned vektgrensa for spælsaulamma. Elles blir det fort feitt-trekk. Dei har fått sansen for spælsauen, og det kan nok bli litt fleire av denne rasen framover.

Når beitet ute blir for dårleg, blir slaktelamma sortert etter kjønn og sett inn på grovfôr og kraftfôr. Det er viktig å ikkje vente for lenge med å setje inn slaktelamma, slik at tilveksten ikkje stoppar opp.

Interesserte avlsfolk
For å få eit godt resultat, ligg det alltid eit godt avlsarbeid i botnen. Også her er Ragnhild og Finn i landstoppen. Dei er med er med i Salten Værring, og mange av prøvevêrane i denne ringen kjem frå Krokan. Tre vêrar har gjort det så godt at dei vart plukka som seminvêrar til Staur. Seminvêrane Stas Krokan og Filo Krokan er båe søner etter søya 22350. Dette er ei veldig god søye som er født i 2012 som lever enda. Ho er ei av Nor-X søyene som enda finst i flokken etter at Ragnhild og Finn var avlsbesetning for kjøttsau for Nortura i ein del år. Nor-X søyene er veldig haldbare og gode dyr, synes Finn. 

Reiskapshuset på Krokan Gård er arena for det lokale kåringssjået kvar haust. Da stiller Ragnhild opp med fårikål til både utstillarar, dommarar og andre interesserte. Dei kunne ynskt seg større interesse for kjøp av vêrar frå bruksbesetningane. Mange gode kåra vêrlam går til slakt fordi det ikkje er kjøparar. Her har mange eit stort potensiale, trur Ragnhild og Finn.

Rovdyr i utmarksbeitet
Utmarksbeitet ligg eit par mil unna og er del av Sagfjord beitelag. Det ligg slik til at det kjem jerv frå Sverige inn i beitet. Kongeørn og gaupe tek også lam. Det verste tapsåret var i 1998 da 55 % av lamma vart borte på utmarksbeite. Mange tiltak er prøvd, som breie klaver med luftampullar som skulle verne mot åtak frå rovdyrkjeften. Det meste har vore til lite hjelp.

Mange Apper å halde styr på når radiobjøller skal monterastMange Apper å halde styr på når radiobjøller skal monterast

God oversikt er viktig både for å finne sau og oppdage rovdyråtak tidleg. Dei har difor investert i radiobjeller frå Telespor, og nå skal dei også prøve ut den nye Smart-bjølla. Dei slepper små grupper med sau, fem søyer med lam per pulje, for å unngå at søyer og lam kjem frå kvarandre i samband med slepping. Nå har dei også fått tilgang på eit beite med mindre rovdyr på Ytre Hamarøy. Her er manglande gjerde mot innmark og hagar ei utfordring. Dei skal difor prøve ut ”No fence” på ein del av søyene som blir sleppt i dette området. Ingenting skal vera uprøvd, og ein må alltid vera på utkikk etter å gjera ting på ein betre og smartare måte! Ikkje minst gjeld dette med tanke på arbeidstimar.

Pionerar på overskotslam-produksjon
Utmarksbeitet er klassifisert som godt til svært godt av Nibio. Likevel er det ingen søyer som går med tre lam, dette for å forebygge tap. Det betyr at dei årleg har ca 100 overskotslam. Dette har dei drive med i mange år, også før mjølkeautomatane kom i marknaden, og det vart meir vanleg med store flokkar med overskotslam. 

Ragnhild ser at alle utgifter er betalt når ca halvparten av overskotslamma er sendt til slakt. Nøkkeltalsanalyse slakt syner slaktetilvekst på 154 g/dag, og dei aller fleste av overskotslamma blir slakta i slutten av august og starten av september.

Overskotslam skal ha godt grovfôrOverskotslam skal ha godt grovfôr

Her er Ragnhild og Finn sine viktigaste tips for å lykkast med overskotslam-produksjon:

  • Plukk ut livskraftige, helst store vêrlam med potensiale for god tilvekst
  • La aktuelle overskotslam få flaskefôring så tidleg som mogleg, slik at dei er vante
    med smokken
  • Maks 10 lam per smokk på mjølkeautomat
  • Ha godt reinhald på mjølkeutstyret
  • La lamma få tilgang på kraftfôr, godt grovfôr og vatn
  • Slutt med mjølk når lamma er ca 15-18 kg
  • Vaksiner mot pulpanyre når lamma er 5-6 veker gamle
  • Slepp lamma ut på beite ca to månader gamle
  • Prøv og finn eit beite som er nokon lunde fritt for parasittar
  • Bytt beite med jamne mellomrom sjølv om det er att ein del gras på beitet
  • Puss beitet. Da har du snart ein nytt fint beite med lite parasittar.

Gode beite reduser kraftfôrforbruket utan at det går utover tilveksten. 

Gjetarhunden, både arbeidskamerat, hobby og inntektskjelde 
Når Ragnhild og Finn ein sjeldan gong pakkar bilen og tek seg nokre dagar fri, da skal dei som regel på eit gjetarhundstemne. Dei har rundt 10 hundar. Ein må ha reservar å gå på, for å drive med sau utan gjetarhund er utenkjeleg. Nett nå er det også 6 søte kvelpar på garden som alle er bortbestilt. Sjølv om det er ein del kostnader og arbeid med kvelpeoppdrett, så er det absolutt mogleg å tena litt pengar på dette også. På veggar og skap er det både diplom og pokalar frå ulike gjetarhundmeisterskap som bevis på at dei gjer det bra i konkurransar også.

Gode vener
Gode vener

Kva må til for å få til ein god gjetarhund?

  • Gå på kurs og lær deg korleis ein gjetarhund skal trenast
  • Skaff deg gode treningssauer. Lett spælsau egnar seg godt
  • Få deg ein hund som du trivst ilag med. Da går treninga så mykje lettare
  • Ha eit areal som egnar seg for trening, og tren mykje!

Lammeringleiar
Nord-Noreg var fyrst ute med å organisere medlemmene i lammeringar. Ragnhild vart sjølvsagt lammeringleiar og organiserer innmelding, samlasting og inntransport for elleve Nortura-medlemmer i Hamarøy-Tysfjord lammering. Samarbeidet fungerer godt. Ragnhild og Finn har den klart største besetninga, og samlastinga går difor som regel føre seg på Krokan. Kunsten er å få organisert fulle lass. Med fleksibilitet og samarbeidsvilje og ein lammeringleiar som kjenner medlemmene sine godt, så går som regel dette bra!

Satsing på storfe
For tre år sidan var det veldig store grovfôravlingar, og dei kjøpte inn nokre fôringsdyr for bruke opp overskotsfôret. Dette gav meirsmak, og nå er det 22 ammekyr med kalv på garden. Det kan difor hende at det blir litt reduksjon på sauen og fleire storfe framover. Dette er jo på sett og vis ein enklare produksjon fordi det er færre individ. Det er heller ikkje dumt å ha fleire bein å stå på, for erfaring syner at marknadssituasjonen svingar mellom dei ulike dyreslaga. Sambeiting med storfe og småfe for å halde beita i hevd og snyltarane nede, er ein annan fordel med eit slikt driftsopplegg. Mange av gjetarhundane er også blitt veldig flinke til å drive storfe. Eit enkelt ammekufjøs er alt bygd som tilbygg til sauefjøset, og neste prosjekt er å gjera om sauefjøset i plansiloen til storfefjøs.

Nortura-ambassadørar
Ragnhild engasjerer seg som tillitsvald for Nortura, både lokalt og på sentralt hald. - Vervet som Fagutvalsleiar for småfe er interessant, og her er det viktig å sørge for gode diskusjonar der alle utvalsmedlemmene får kome med sitt syn. Jobben er å produsere gode råd frå småfebonden til styret og administrasjonen i Nortura. Nokre gonger blir ein frustrert når ein synes argumenta ikkje når fram, men hovudregelen er likevel at Fagutvalet blir lytta til, seier Ragnhild.

Nortura-ambassadørar

Finn er den som er flinkast til å ta ein diskusjon med kollegaer om kor viktig det er å støtte opp om Kjøttsamvirket.

Det lurar vi på… kvifor er det så viktig å ta vare på Nortura?

Svaret kjem raskt frå Ragnhild: - Samvirket er heilt klart den rette samarbeidsforma. Det er eigentleg ein føresetnad for at vi kan halde fram som frie bønder. Føremålsparagrafen til Nortura er ein paragraf alle bør lese og tenke igjennom. Nortura blir eigd og styrt av bønder, for bønder og overskotet skal attende til oss bønder. Eit godt drive samvirke er ein garanti for best mogleg betaling for produkta våre, og ikkje minst viktig – vi er sikra å få levert det vi produserer i og med at Nortura har mottaksplikt.

Kombinert Sauefjøs og enkelt ammekufjøs som også blir som ekstra areal i lammingKombinert Sauefjøs og enkelt ammekufjøs som også blir som ekstra areal i lamming

Fra heftet Lammesesongen 2019