Søk:

Verktøylinje

Fagtur om ammeku

(06.06.16) Produsentar, rådgjevarar og byggplanleggarar frå Sogn & Fjordane reiste i 2 dagar på tur med buss til Skjåk, Dovre, Lesja og Rauma for å sjå og samtale med 6 produsentar som har gjort seg erfaringar med ulike fjøsmodellar og ulike rasar av ammeku.

Foto: Grethe Ringdal, Animalia
Illustrasjonsfoto: Grethe Ringdal, Animalia

– 43 interesserte personar var med på fagturen, seier ein fornøgd turleiar Dag Starheim.

Vi var innom Tyroler, gråfe, Limousin, Charolaise og Hereford. I middels og store besettingar, dei fleste med framforing av slakt.

Det var 2 inspirerande og lærerike dagar for alle. Nokre av turdeltakarne har ammeku frå før og tenkjer på utviding av drifta. Andre tenkjer på å starte frå nytt av og søkjer tips og idear om korleis ammeku kan etablerast på ein best mogleg økonomisk måte. Det blir nok fleire ammeku også i Førde sitt tilførselsområde.

Mange ser moglegheita no når vi har fått prognosane framover, og storfekjøt gjennom ammekuproduksjonen er der moglegheita er best med stor import av storfekjøtt.

Økonomisk og arbeidsmessig er ammeku den produksjonen som passar godt for mange med ein jobb utanfor.

Vi ynskjer alle produsentar som har vore med på turen eller som tenkjer etablering av storfekjøtt produksjon på ammeku lukke til. Drifts- og byggplanleggjarar både i Nortura og andre hjelper gjerne til i etableringsfasen.