Festdag for saueentusiastar
(26.02.20) Ein litt grå laurdag i februar samla sauefolket rundt Sandnes seg til ein dag fylt med fagleg påfyll, praktiske tips og den gode drøsen – og sau på grillen.
Av: Liv Kristin Sola, Bondevennen
Det var berre å følgje straumen av bilar mot Gamletun Gård på Vatne utanfor Sandnes, første laurdag i februar. Nortura, Farstad Catering og Gamletun Gård inviterte sauefolket til fagdag, og Stian Espedal i Nortura (bildet), melde om rundt 120 besøkande.
Unge og godt vaksne, damer og menn – klokt kledd i varmedressar, vart fordelt i mindre flokkar på dei seks ulike stasjonane. Ein skuletime på kvar plass. Ein slurk kaffi, litt sjokolade og god drøs mellom slaga, er alltid viktig når godtfolk samlast.
Praktisk læring
Espedal har mest heile Sør-Noreg som sitt arbeidsfelt og har sauebøndene tett på seg. Han veit kor skoen trykkar.
– Mange synest det er vanskeleg med snyltarbehandling. Det hender eg ser litt for tynne sauer, og eg ser veldig mange stygge klauver. I tillegg er det mange som synest avliving er ein krevjande barriere å bryte, seier Espedal.
Han ville få til ei gratis samling som tok føre seg seks tema som den erfarne fagpersonen meiner er viktig for god dyrevelferd og dermed også god økonomi for bonden.
– For det heng saman, meiner Espedal. Han lodda stemninga, brukte nettverket sitt – og toppa laget med dyktige bønder og andre erfarne fagfolk til dei ulike stasjonane.
– Med heilt nye lokale til disposisjon på Gamletun Gard, og Farstad som kom med kokk og grill. Då vart det enkelt, seier Espedal.
Med sau på grillen
Farstad sørga for ein rikhaldig buffé rundt grillen, med lammepølser, salatar og ikkje minst marinert grilla ytrefilet av sau. Då dagen gjekk over i skumring var det berre godlyd å høyre. Både unge og meir erfarne bønder fekk påfyll med seg heim til eige fjøs.
– Det viktigaste er dyrevelferd og økonomi til bonden. Men det er også viktig at folk treffest, blir kjende og finn gode nettverk, seier ein nøgd Stian Espedal.
Bilde fra Gamletun Gaard sin facebookside.
Artikkelen er publisret med tillatelse fra Bondevennen.
Hele artikkelen kan du lese i Nr. 6 - 14. februar 2020 BONDEVENNEN (pdf. 622 kb)