Fleire lam til Nortura og rekordkvalitet
Slaktestatistikk lam 2014 i Nortura
(19.12.14, endret 26.01.15) Nortura har slakta vel 11 000 fleire lam enn vi gjorde i sesongen 2013. Auken er spesielt stor i Nord-Noreg, men også Austlandet har ei fin utvikling.
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe
Tal frå Animalia og Landbruksdirektoratet tyder på at årsaken til større lammetilførslar er at kvar søye produserer fleire lam og at fleire vel Nortura som sitt slakteri! Dette er vi veldig godt fornøgde med!
Slaktevekta har auka med 0,8 kg til 19,2 kg. Alle fylke utanom dei to nordlegaste fylka har levert tyngre lam denne sesongen. Dei tyngste lamma finn ein i Buskerud med 20 kg i medel slaktevekt.
Medel klasse ligg på 8,2, mellom R og R+. Vekt- og klasseauken har kome utan at lamma er nemneverdig feitare, men vi har ein liten auke på andel lam som har fått feitt-trekk.
Alle fylka har levert ein større andel Stjernelam denne sesongen. Hedmark, Akershus/Oslo og Agder-fylka har auka Stjernelam-andelen mest. Den flotte utviklinga i Vest-Agder, gjer at dette fylket erobra Stjernelam-toppen for sesongen 2014, med Buskerud og Finnmark på dei neste pall-plassane. Flott spreiing på dei tre beste fylka dette året.
Vi gratulerer også Austlandet som er den landsdelen med størst andel Stjernelam i sesongen 2014.
Grafen viser antall lam slaktet i 2014- mot 2013, og andel stjernelam i 2014:
Statistikk per uke i sesongen og total for 2014:
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 50 (14. juli - 14. desember), pdf. 32 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 48 (14. juli - 30. november), pdf. 37 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 47 (14. juli - 23. november), pdf. 37 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 46 (14. juli - 16. november), pdf. 37 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 45 (14. juli - 9. november), pdf. 37 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 44 (14. juli - 2. november), pdf. 38 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 43 (14. juli - 26. oktober), pdf. 38 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 42 (14. juli - 19. oktober), pdf. 38 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 41 (14. juli - 12. oktober), pdf. 32 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 40 (14. juli - 5. oktober), pdf. 37 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 39 (14. juli - 28. september), pdf. 37 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 38 (14. juli - 21. september), pdf. 37 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 37 (14. juli - 14. september), pdf. 33 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 36 (14. juli - 7. september), pdf. 37 kb
» Slaktestatistikk lam i Nortura veke 29 - 35 (14. juli - 31. august), pdf. 37 kb
» Klassifiseringsstatistikk Animalia