Kvifor er Nortura, NSG og sauebonden viktige for kvarandre?

LAM 2011:

(22.03.11) – Det er ein stor styrke at vi har ein medlemsorganisasjon og ein samvirkeorganisasjon i ryggen. Vi må vere flinke å dra i same retning, så styrkar vi mogelegheitene til å få til ting.

Eli Berge NessAv: Eli Berge Ness

Som sauebonde i Sogn og Fjordane og på Vestlandet er det ei stor ære for meg å stå her som innleiar på Lammekongressen 2011.

Eg heiter Eli Berge Ness, bur med mann og fire barn på eit småbruk i Viksdalen, og har ca. 85 vinterfora sauer. Eg vaks opp på gard ein annan plass i fylket, var odelsjente, men gav frå meg odelsretten til fordel for brørne mine fordi eg aldri skulle drive gard. Men, her står eg altså.

Han eg er gift med, kom også frå gard. Han flytta heimaifrå då han starta på vidaregåande, og hadde budd mange år i Oslo då vi møtte kvarandre. Han hadde arbeid der, eg fekk meg arbeid der, og vi kunne sikkert blitt buande der med gode inntekter, borimot fast arbeidstid og god tilgong til enkel mat på næraste Rimibutikk.

Men det var ikkje det vi ville. Vi er begge opptekne av verdiane det fører med seg å vekse opp i ei bygd, og av at bygda og dei som bur der treng kvarandre. Som innbyggjar i ei bygd kan ein vere med å skape utvikling. Før var det ofte slik at folk vart sitjande på heimegarden fordi dei tykte dei ikkje hadde noko val, sjølv om det var andre ting dei heller ville. Der var ikkje så mange val og mogelegheiter, og for ein del føltes nok plikta tung. Dette har endra seg. No blir ikkje folk buande i bygdene fordi dei ikkje har noko val. For folk i dag er det eit verdival. Ein ser at bygdsamfunnet og gardsdrifta har ein verdi i seg sjølv, og ein ønskjer å vere med å auke desse verdiane.

Skulle vi bu på ein gard, var det sjølvsagt for oss å ha dyr. Vi starta med 50 vinterfora sauer, dyrka og rydda beite, og rydda ein ny krok av låven før lamming kvart år til vi kom opp i 85 dyr. Der går grensa for oss, det er så mykje vi har for og beite til.

Vi prioriterte slik at vi ville nytte oss av det som var på garden. Nybygging med tanke på å drive med så mykje sau som vi har i dag, ville medføre for store kostnader til at det var forsvarleg. Vi har heller ikkje satsa på å utvide produksjonen basert på jord som er leigd, ikkje eigd. Eg tykkjer det er ei farleg utvikling at fleire og fleire baserer seg på drift der dei er avhengige av andre si innstilling, og kanskje godvilje, for å drive som dei har planlagt. Då er det mange ukjende og varierande faktorar som kan påvirke det økonomiske resultatet på gardsdrifta.

Kan hende ein del i salen tenkjer at 85 sauer er lite.

Ja, kanskje er det det. Men i Sogn og Fjordane er det små einingar, og drifta har vore tilpassa til ressursgrunnlaget. Tal frå fylkesmannen for 2010 viser slik fordeling:

  • 1 - 49 sauer 1202 buk
  • 50 - 99 sauer 374 bruk
  • 100 - 149 sauer 86 bruk
  • 150 - 199 sauer 12 bruk
  • Over 200 sauer 3 bruk

Dette er tal som er henta ut frå tilskotssøknadane, så det er berre vaksne dyr som er med i desse tala. Dette er tal som kan endre seg raskt. Men utviklinga har ikkje gått så fort som ein rekna med for nokre år sidan.

Eg lovar å kome tilbake til dette med storleik
Vi valde å starte med sau fordi dette er ein viktig del av det gode livet på bygda. Vi er samfunnsengasjerte. Vi ser verdien av at ein kan vere sjølvforsynte med mat her i landet. Vi ser verdien av levande bygder. Det skal vere lys i husa, dyr i fjøsane, og ein skal halde kulturlandskapet i hevd, for å få velstelt landskap rundt om i heile landet.

Det var kjekt når vi opplevde at NHO reiseliv gjekk ut og sa at småfehald og beitedyra er viktige for at Norge framstår som eit spennande og eksotisk reisemål, der ein kan sjå at tungdrive landskap har vore dyrka og stelt gjennom mange generasjonar. Dette er grunnlag for at vi har område med verdsarvstatus i landet vårt.

Tema for dette innlegget er:
"Kvifor er Nortura, NSG og sauebonden så viktige for kvarandre"

Eg vil snu problemstillinga. Sidan eg som sauebonde er invitert til å halde innlegg, vil eg spørje:

- Er NSG og Nortura viktig for meg som sauebonde?
- Treng NSG og Nortura meg?

At vi sauebønder er viktige for NSG, er sjølvsagt. Det er faglaget vårt, og utan medlemmar er det ikkje noko NSG. Same kor ivrig avlssjef ein har i NSG, må der vere medlemmar og aktive sauehaldarar for at ein får prøve ut dei beste værane og får granska avkom. Det er ikkje hjelp i å ha eit godt medlemsblad om ein ikkje kan intervjue dyktige og engasjerte sauefolk for å vidareformidle kunnskap og interesse.

- Men treng vi som sauehaldarar NSG?

Som ny sauehaldar tykte eg det var fantastisk å oppleve at der fanst ein organisasjon som arbeidde på heiltid for småfenæringa. At der var folk som arbeidde for å betre kvaliteten i alle ledd, og for å fremje interessene til saue- og geitehaldarne. Det er ikkje alltid alle er heilt einige om korleis ting bør vere. Landet vårt er ulikt, og rammevilkår og utfordringar kan variere frå saueeigar til saueeigar, både ut frå areal, naturgrunnlag, buskapsstorleik og andre ting. Og ein ting er sikkert, engasjerte saueeigarar veit i alle fall korleis dei vil ha ting og kva de meiner er rett. Og dei seier det!

Ein kan kanskje seie det er eit problem at folk ikkje er einige. Kan ein ikkje like gjerne seie det er ein kjemperessurs å ha ein organisasjon med ca. 12.000 medlemmar, der folk er så opptekne av det dei held på med at ein kan få engasjerte diskusjonar? T.d. når det gjeld lammetal. Det er mykje enklare å forhalde seg til folk som har meiningar og står for noko, enn til dei som aldri bryr seg eller tek standpunkt til noko som helst. Om ein taper ein diskusjon, har ein i alle fall framført argumenta ein tykkjer er viktige.

Opp gjennom tidene har nok ikkje småfehaldarane vore dei som har vore mest høgrøsta ambassadørar for eiga næring. Det kan vere fleire grunnar til dette. Eg trur at mange av dei som driv med sau, er ualminneleg tolmodige, velmeinande og snille folk. For det andre har sauen opp gjennom tidene hatt litt ulik funksjon. I tidlegare tider kom sauen ofte i tillegg til dyra ein eigentleg hadde høve til å ha, ut frå både forsituasjon og plass. Ein hadde ikkje sauer for kjøtet sin del. For mange vart talet sauer bestemt ut frå kor mykje dyr ein måtte ha for å få nok ull til klede til heile familien.

Sjølv om vi som driv med sau kankje ikkje er dei som ropar høgast og stiller mest krav, skal ein ikkje undervurdere sauefolk. Gjennom tida mi som tillitsvald i Sogn og Fjordane Sau og Geit har eg møtt utruleg mykje dyktige og kunnskapsrike sauebønder. Og kanskje viktigast av alt, vi er stolte av det vi gjer! I ei vidareføring av det eg sa om at vi kanskje ikkje er dei som stiller mest krav, har ikkje økonomien i sauehaldet vore så mykje å skryte av. Samanlikna med andre produksjonar har inntekta til tider vore ganske dårleg. Det er sjølvsagt ikkje bra.

Men det har ei positiv side og. Dei som likevel har satsa på sau, har gjort det like mykje på tross av som på grunn av økonomien. Dette gjer, trur eg, at ein i dag har sauehaldarar som har valt å satse på denne næringa fordi dei har ei ekte interesse for å halde på med det dei gjer. Dei set produksjonen inn i ein samanheng der ein i større grad enn andre baserer seg på naturgjevne rammer og ressursar knytte til garden.

I ein situasjon der talet på menneske som svelt har passert 1 milliard, bør vi som er meir priviliegerte tenkje oss om. Det er politisk ønske om at ein skal auke grada av sjølvforsyning her i landet. Vi representerer eit dyrehald som kan hauste ressursar i utmarka som ellers ikkje vil bli nytta. Dette blir omgjort til menneskeføde. I debatten om miljørekneskap for landbruket, bør det også vere interessant for miljøorganisasjonane at det ikkje belastar klimaet meir at sauer og lam beiter i utmark og omdannar planter og urter til kjøt enn om det står og rotnar.

I eit land der 94 % av arealet er utmark, må det vere eit stort poeng å støtte næringar som kan hauste ressursar også i utmarka. Ein del av dei som argumenterer hardast for verning av det meste uansett, kan sjå ut til å mangle kunnskap om det dei snakkar om, og evnar ikkje å setje ting inn i ein samanheng. Dei evnar ikkje å skilje mellom kretsløpsressursar (fornybare ressursar) og lagerressursar. Og dei slepp unna med det.

Eg trur vi som sauehaldarar må setje endå meir fokus på verdien av å kunne nytte arealet vi har rundt oss til matproduksjon. Dette krev at ein har plass til både store og mindre sauehaldarar. Vi må også vere flinke å få fram verdien av at vi steller naturen, og nyttar ressursar som ellers ikkje vil bli brukte.

Eg trur eg vi treng NSG til å gjere ein jobb for å behalde retten til å nytte utmarka. Dette er viktigaste føresetnaden for framleis å kunne ha eit landbruk i heile landet, eit bærekraftig landbruk, og eit landbruk som også dei utanfor næringa ser på som viktig, og som garanti på trygg matprodukjson.

Mange område er under sterkt press. Rovdyr skal eg ikkje seie noko om. Den debatten kjenner alle, og dette blir det fokus på seinare under kongressen.

Vi har område der vegbygging og hyttebygging utfordrar beitetradisjonar. Vi har mange som meiner at det er naturleg for hundar å gå lause på fjellet, og ikkje alltid har kontroll på kva dei gjer. Vi har gjerdeproblematikk, vi har utfordringar knytt til beiteområde som blir tome for dyr, og der streifdyr trekkjer inn. Vi har aukande avstand mellom tal dyrhaldarar som stadig er minkande, og andre som ikkje har forhold til dyrehald som næring. Døme på "nye" utfordringar kan vere sauebonden som måtte slutte å ha bjølle på sauene sine etter påbod frå distriktslegen, då det var folk som ikkje fekk sove pga bråk frå bjøllene. Eit anna eksempel er bonden som vart meld til politiet fordi han slo kl. 23.30 ein laurdagskveld, berre fordi det var meldt regn neste dag.

Politiske signal tilseie at styresmaktene vil prioritere småfehald og vil prioritere utmarksbeiting. Men enno er der rom for å auke tilskota til dyr på utmarksbeite enno meir. Og sjølv om styresmaktene seier dette er viktig, er det mange og sterke krefter som arbeider imot at vi som bønder skal nytte oss av rettar som er opparbeidde gjennom generasjonar.

Eg meiner at innsats for å sikre rett til bruk av utmark og gode økonomiske ordningar for det, må vere jobb nr. 1 for NSG framover. Og dette er ei sak som hastar. Beiteområda bør ha dyr kvart år. Kulturlandskapet må pleiast. Tek ein nokre års pause, vil mykje kulturlandskap vere tapt. Det er gjennom bruk av eigne arealressursar vi kan auke sjølvbergingsgraden.

Vi må vere med å ta ansvar. NSG kan samordne arbeidet og skape ein arena for alle tillitsvale, slik at ein kan utveksle erfaringar og sjå kva andre har fått til å fungere andre plassar. NSG kan også vere med å setje meir kraft bak ulike utspel.

Konklusjonen min er at vi treng NSG, eit sterkt NSG. Det er opp til oss som småfehaldarar kor stekt faglaget vårt blir. Til fleire av oss som vil gjere ein innsats, setje oss inn i saker, har kunnskap og er gode representantar og talspersonar for næringa vår, til sterkare står faglaget.

Neste spørsmål blir om eg som sauebonde er viktig for Nortura. Det kan det vel vere delte meiningar om, også blant andre sauehaldarar. Vi har no tross alt ein liten gard. 85 vinterfora er ikkje all verda til buskap.

Siste åra har eg lagt merke til at når ein snakkar om legitimiteten til norsk landbruk, og når ein snakkar om matvaretryggleik, brukar ein nesten alltid bilde av sauer. Sauer med lam på fjellet, folkekjære lam og sauer i samspel med eigar. Ja, Nortura treng oss fordi vi er truverdige. Det er slik folk vil at matproduksjon skal går føre seg, trivelege dyr i vakkert landskap. Og vi har det. Vi har trivelege dyr i vakkert landskap. Det er med og styrkar omdømmet til nosk matproduksjon, norsk mattryggleik og er såleis med og sel alle dei andre landbruksprodukta.

I vårt område er Nortura Førde det næraste anlegget. Ut frå tala som eg viste tidleg i innlegget, ser de at det er ikkje mange store buskapar her. Det er svært mange som har 30-50 sauer. For å utnytte anlegget best mogeleg, er ein avhengige av dei mindre buskapane. At det er drift også på mindre gardar, er med å gjere at vi får velstelte bygder og styrkar omdømmet til dei som driv landbruk.

Av og til høyrer eg folk som seier at det er så kjedeleg å høyre om dei som reiste til byen i gamle dagar for å selje kjøt som fekk lite betaling eller ikkje fekk selje. Det er greit at dette er lenge sidan, og det er greit at vi har høyrt det før, men dette er faktisk heilt grunnleggande. Dette var ein av grunnane til at NSG vart skipa, og dette var grunnlaget for at landbrukssamvirka vart skipa.

Det var faktisk slik at når ein stod som bonde og skulle selje eit godt produkt, kunne ein risikere å få så dårleg betalt at ein selde med tap. Og som no var dette pengar ein trengde for å halde ting i gong, og for å brødfø familien sin. Ved å gå saman kunne ein lage forutsigbare vilkår, og ein visste at ein ville få betalt for det ein leverte. Om det var god nok betaling, har vore, og vil nok alltid vere, eit diskusjonstema.

Ein annan ting ein ofte høyrer, er at det er mange som vurderer å levere til private. "Eg har no rekna litt på det" seier folk, "og eg ser at det vil no løne seg å levere til dei private".

Det kan hende. Det er mange reknestykke, og mange ulike faktorar. Kanskje nokre ukjende faktorar og, som ein ikkje oppdagar før etter at ein har levert. Eg forstår at folk ser på avrekningane. Men det bekymrar meg verkeleg at dei ikkje tenkjer over at KLF som representant for dei private slakteria stadig går ut og seier at dei treng billigare råvarer. Javel, det kan hende dei i periodar betalar betre. Grunnen til det er at ein har Nortura som garantist i botnen, som med stor marknadsandel og ansvar for marknadsregulering sikrar at vi får rimeleg pris for varene våre. Blir denne marknadsandelen svekka, blir dei private sterkare, og her har du ikkje noko form for eigarmedverknad som gjer at vi kan vere med å påverke prisane.

Så lenge mange nok av oss kjenner historia og ser viktigheita av at vi har eit sterkt samvirke, og er lojale mot samvirketanken og andre leverandørar , let det seg gjere for andre utan slikt verdisyn å hente ut ekstra betaling med å levere der ein får best betalt. Folk kan ha ulike grunnar for det, som kan vere med å påvirke valet dei gjer. Det er vel ikkje hemmeleg at dei private ventar på prisløypa for lammesesongen, for så å legge seg litt over i dei periodane dei ønskjer å ha auka tilførsel. Det kan dei gjere. Dei skal ikkje ta omsyn til at alle skal handsamast likt, eller at ein skal få til vilkår som gjer at leverandørar i allefylke og kommune får så gode vilkår som mogeleg. Eg håpar dei som vel slike løysingar av og til tenkjer gjennom at dei på denne måten er med og svekkar tryggleiken til alle som leverer kjøt og egg.

Det kan hende mange av oss ville ha godt av å tenkje oss om, og å sjå lenger enn til første avrekning. Svekka vi samvirkeorganisasjonen Nortura, vil nok ALLE merke det på prisane vi får. Under landbruksutdanninga i dag har ein opplæring i økonomi, men ingenting om bakgrunn for og framvekst av samvirkeorganisasjonar. Dette gjer at ein får med seg ein del nyttig kunnskap, men at ein ikkje får med kunnskap om viktige samanhengar. Dette er ei svakheit. Eg er redd dette kan bli ein dyr lærdom for enkelte. Vi er priviligerte her i landet vårt som framleis har samvirkeorganisasjonar og marknadsregulering. Vi treng ikkje gå lenger enn til Danmark, der bøndene må leige jord og konsesjon for å produsere mat. I Sverige avvikla dei kjøtsamvirket for nokre år sidan. Kort tid etter var prisen på stofekjøt komen under 20 kroner kiloen.

Sist år skjedde det mykje i Nortura. Det økonomiske resultatet førte til ein fullstendig gjennomgang av alle sider i drifta. For å styrke eigenkapitalen vart alle eigarar utfordra på om dei ville gå inn med ny eigenkapital og halde fram som eigarar, om dei ville vere leverandørar eller om dei valde andre løysingar. Det var knytt spenning til om småfehaldarane ville halde fram som medlemmar, eller om ein tykte 12.000 kr var så mykje pengar at folk ville velje å vere leverandør. Eg har prøvd å finne ut korleis oppslutninga har vore frå småfesida. Desse tala er ikkje klar enno. Mitt inntrykk er at oppsluninga er god, i alle fall i mitt område.

Vi var ikkje i tvil om kva vi skulle gjere
Vi har tru på samvirketanken og grunnprinsippa som samvirket byggjer på. Her stiller ein opp for kvarandre slik at alle skal vite at dei får ein så god pris for produkta dei leverer som mogeleg. Eg tykkjer det er flott at ein har klart å halde på grunntankane her også gjennom mange diskusjonar om marknadstenking. For oss som leverer nesten alt vi produserer frå 20. august til 1. november, hadde inntekta blitt ei heilt anna om tilbod og etterspørsel var det einaste som skulle regulere prisen denne perioden.

Eg tykte det var bra at ein enda på eit flatt tilskot, der alle medlemmane betalte inn like mykje. For meg er dette viktig. Eg er oppteken av at i samvirkesystemet er alle like mykje verd. Ein medlem er ein medlem, om ein er stor eller liten. Like plikter for store og små må gje same stemmerett og andre rettar i neste runde.

Om eg meiner ein skal levere til Nortura uansett? Det forpliktar Notura å vere ei samvirkebedrift. Dette skal vere med å påvirke val og prioriteringar som styre og administrasjon gjer. Det har i periodar vore slik at økonomar og marknadskrefter har fått for mykjeå seie i samvirkeorganisasjonane . For å få folk til å engasjere seg, er det viktig at ein kjenner nærleik til organisasjonen og føler at ein når fram når ein har gode og fornuftige innspel. Nortura har blitt eit stort og sammensett system. Dette gjer at ein må legge vekt på opplæring av eigarar og tillitsvalde for å få engasjerte eigarar som medspelarar til gjensidig glede og nytte. Ein må som eigar kunne nå fram med synet sitt. Ein må bli tekne på alvor, ellers blir tilliten til eigen organisasjon sett på prøve.

Men dette stiller også krav til oss som enkeltleverandørar. Vi må kunne sjå ting i eit større perspektiv enn eigen produksjon og eiga lommebok. Vi må innsjå at landet er ulikt, med ulike utfordringar og rammer, vi må forstå at alle produsentar skal ivaretakast på ein skikkeleg måte anten dei er store eller små, og vi må også her gidde å engasjere oss. Det er lett for enkeltpersonar å finne ting dei er misnøgde med. For i Nortura kan ein ta opp sakene, og prøve å få gjort noko med det. I alle system kan det oppstå feil, og det kan vere ting som har fått utslag ein ikkje tenkte på då ein utførte endringar. Er det noko som slår feil ut for mange, kan det hende ein må sjå på dette på nytt. I gode system er det mogeleg å få gjennomført endringar for å forbetre ting.

Siste åra har det vore ein del fokus på at Nortura misser ein del av dei største leverandørane. Det er ei utfordring. Eg har argumentert for at dei små er viktige. Men sjølvsagt er dei store like viktige. Poenget er at det er summen av små og store som gjer at ein får eit sterkt samvirke. At vi er mange, og at samvirket har ein prosentvis sterk andel av marknaden, er med og sikrar prisane til alle.

Mange stiller no spørsmål om korleis ein skal sikre Nortura ein forsvarleg del av tilførselen av lam. Ulike tiltak blir drøfta, og ein del av dei kan ha både positive og negative konsekvensar. Ei av utfordringane med å setje i verk nye tiltak, er at ein ikkje veit korleis dette slår ut før etter at det er sett ut i livet.

Eg trur beste måten å sikre tilførslar på, er at vi held fast på og er tydelege på samvirkeprinsippa. Så må vi som bønder ta så mykje ansvar både for oss sjølv og andre at vi er bevisste på kva vi gjer om vi vel å levere til private. Dette er eit ansvar for kvar enkelt, ingen kan vedta kva vi skal gjere.

Tonnasjen på lammekjøt er ikkje stor. Vi har ca 10 % av totalmarknaden av kjøt. Då er det viktig at alle vi som er saueprodusentar kan stå saman, for slik å få best mogeleg pris til alle.

Det er mange sauehaldarar i Norge. Vi produserer 23 tusen tonn lammekjøt i året. Til samanlikning produserer Kina 1978 tusen tonn, Australia 693 tusen tonn og New Zealand 598 tusen tonn.

Set ein ting inn i ein større samanheng, kan det hende det er fleire enn vi i Sogn og Fjordane som blir for små til at det er verd å satse på.

Dette enda kanskje opp som litt ord for dagen. Det vart mykje fokus på verdiar og samhald. Men eg trur det er viktig å ha eit verdisyn i botnen for vala ein gjer.

Gjennom innlegget har eg prøvd å få fram og argumentere for desse poenga:

  • Det er kjekt og viktig å drive med sau. Sauehaldarane er kunnskapsrike og engasjerte dyrehaldarar.
  • Det er ein stor styrke at vi har ein medlemsorganisasjon og ein samvirkeorganisasjon i ryggen. Vi må vere flinke å dra i same retning, så styrkar vi mogelegheitene til å få til ting.
  • Det er opp til oss som medlemmar kva slags medlemsorganisasjon og kva slags samvirkebedrift vi får. Di meir vi vil stille opp, setje oss inn i ting og gjere ein innsats, di sterkare blir organisasjonane våre.
  • Det er like viktig no som tidlegare at ein klarar å ha lengre perspektiv enn til eiga lommebok og til eige tun, og kanskje litt lengre enn til neste år i tid. Det er viktig at ein framleis klarer å tenkje solidarisk med andre, i samsvar med samvirkeprinsippet. Det vil styrke oss både som enkeltmenneske og som næring.

Eg vil avslutte med nokre ord frå ein tale som Statsråd Finn T. Isaksen hadde under Vestlandske bondestemna i Bergen i 1985, med tittelen "Landbruket som næring og kulturbærer". Ein tale som er vel verdt å lese!

"Alle kjenner vi landet vårt – slik det ligger der langt mot nord, langstrakt og med djupe fjorder. Klimaet varierer. Størstedelen ligger utenfor det temperaturområdet der det kan drives plantedyrking i vanlig jordbruksmessig forstand. Topografien kan ofte vere vanskelig, og jordsmonnet tynt.

Det er her han er satt til å virke, den norske bonden – med lite jord, bra med skog og rikelig med fjell".


Slik er det.
 

Og då er det viktig at vi stiller opp for kvarandre!