Nortura bidreg til ny kunnskap om sauefôring
(03.05.17) Nortura, saman med mange andre samarbeidspartnarar, bidreg til eit treårig forsøk som har som mål å utvikle nye fôringsstrategiar for produktive søyer.
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
I alle forsøka blir tilvekst og livskraft på lamma registrert. Det blir også teke mange blodprøver av både søyer og lam der ein analyserer for ulike blodverdiar som ein reknar med har samanheng med lammetap.
- I 2015/2016 vart det gjennomført eit forsøk som der ein såg på verknaden av ulike fôrstyrker i høgdrektigheita på søyer med tre og fleire foster.
- I 2016/17 ser vi på om ulike fôrrtyrker i puberteten påverkar mjølkeevna til påsettlamma
- I 2017/18 skal vi sjå på korleis ulik hold og holdendring rundt paring påverkar lammetalet til søyene
Det er forskarane Ingjerd Dønnem, Åshild Taksdal Randby og Erik Georg Granquist ved NMBU Ås som gjennomfører forsøka saman med dei tilsette på Senter for Husdyrforsøk.
Resultata vil bli publisert i "Sau og Geit", medlemsportalen til Nortura og andre stader der sauebonden hentar ny kunnskap.
Forskar Ingjerd Dønnem i forsøksavdelinga for sau ved Senter for Husdyrforsøk