Nyfjøset klart og i bruk

Visningsfjøs Jønnardalen

(16.12.16) Håvard Jønnardalen satsa og no er nyfjøset klart og i bruk. Jønnardalen bruka mykje tid på eit grundig førearbeid, gjekk inn på kvar enkelt leverandør og gjorde solide avtaler. Her var det ikkje ynskje om overraskingar.

Høgd, saga, lafta og bygd. No det siste året prøva og bruka. Det er da ein kjenner på om ein har fått "løn for strevet".

Nyfjøset
Tømmeret vart hoggen i eigen skog, saga på eigen sag og lafta opp med hjelp av avløysar og bror med gravemaskin.

For å halde kontroll på eigeninnsatsen i ein byggeperiode som strekker seg over fleire år må det førast timelister. 1. året Grunnarbeid, 2. året Bygg og 3. året Innreiing. Timelistene her vart dela på eige arbeid og maskinarbeid. Det gjorde det enkelt å dokumentere eigeninnsatsen når det kom til "oppgjørets time".

Håvard stod sjølv som byggeleiar og losa det store prosjektet gjennom etter budsjett. Bonden er godt fornøgd med fjøset og funksjonaliteten. Har ikkje dukka opp noko han ville gjort annleis i det året han hatt sauen der.

FullfôrblandarenFullfôrblandaren er verd kvar si krone. Fôrrasjonen han brukar i paringstida er 1 rundball 1. slått, 1 rundball andreslått + 0,4 kg kraftfôr

Når ein kjem i januar/februar vil det ikkje bli tilsett kraftfôr. Da vil påsettlamma få det dei treng tildela manuelt.

Det er denne måten han tenker å løyse dei ulike periodane med ulik fôrtrong.

Eit punkt for optimalisering av fôringa vil være å ta grovfôrprøver. Fullfôrblandaren har også redusera fôrspillet betydeleg. Det er god økonomi i det daglege.

rullande fôrbrett avlukke Plass for fintenking

Fôrblandinga gjeng ut frå fullfôrblandaren til eit rullande fôrbrett.

Det er drivgangar på 80 cm på begge sider. Her er dørene plassert på ein lik måte at dei nyttast som  stengsle. Det er dører i kvar binge. "Plass for fintenking"

Fôrblandinga gjeng ut frå fullfôrblandaren til eit rullande fôrbrett. Fjøset er 44 meter langt og 9,6 meter breitt.
Fôrblandinga gjeng ut frå fullfôrblandaren til eit rullande fôrbrett. Fjøset er 44 meter langt og 9,6 meter breitt.

avlukke Binger
I tillegg har han sett opp eit "avlukke" mellom bingane  for å lette arbeidet med paring og inseminering. Kan også være behov for å ha enkeltdyr ståande for seg sjølv. Fjøset er planlagt med djupe bingar. I lamminga vil det bli sett inn lammingsbingar iytterkant. Dvs. mot drivgangen. Da vil denne bli nytta som fôrbrett. Lammingsbingane er planlagt 1,5 x 1 meter. Håvard har satt opp drikkenipplar også i denne sida av bingen.

 

Drivgangen og vekta dør på langsida av fjøset  
Drivgangen og vekta er fast inventar i fjøset.

For lessing og lossing av sau er det satt inn ei dør på langsida av fjøset. På utsida er der bygd ei rampe som lettar tilgangen både for eigar og dyretransportør. All innreiing er levert av Knarrhult. Kanskje ikkje så rart da bonden sjølv er forhandlar med nettopp dette firmaet.

 

Fjøset er som tidlegare omtalt bygd med kanalomrøring  og  blautgjødsel. Mange var nok spent på om dette kom til å fungere på den seige sauegjødsla og i eit område der gradestokken  kan vise - 30° C utan at det kjennes unormalt. Det fungerar. Godt med vatn i botn.

Uttaket ligg lågare enn kjellaren og gjødsla renn rett ned i gjødselvogna. Bare å opne to luker. Håvard leige utkjøring av gjødsel, men kan fortelje at det tok ca. 1 minutt å fylle vogna som rommar 12000 liter.

Håvard hadde tidlegare tallefjøs. Der var det lite problem med klauvverk og leddbetennelse på lam. På plastrister vert utfordringa å halde det så reint og sjukdomsfritt som mogeleg. Her har Håvard planar om å ha rikeleg med matter å legge inn i lammingsbingane. Desse må sjølvsagt være reine mellom kvar sau.

Skilt på fjøset Skilt på fjøset

Me ynskjer familien Jønnardalen lykke til med saueholdet i det nye, flotte fjøset!

 

Jønnardalen gård