Reduser risikoen for vêrsmak- og lukt

(25.08.17) Vi må alltid vera på vakt mot at det blir lukt- og smaksfeil på vêrlamslakta om hausten. Det er øydeleggjande for salet av lam dersom lammeslakt med lukt og smaksavvik kjem ut i marknaden som lam.

Illustrasjonsfoto: Asbjørn Haga

Dersom lammet kjem i kategorien vêr pga lukt- og smaksfeil, så blir avrekningsprisen nær null og det er heller ikkje bra.

Årsaken til at dette skjer, er hormonelle endringar hjå vêrlamma når paringssesongen nærmar seg.

Vi har difor laga fylgjande råd for å redusere risikoen for lukt og smaksfeil på vêrlam:

  • Alle vêrlam bør vera slakta seinast tre veker før paringssesongen startar. Det betyr at vêrlam som ikkje er slaktemogne ved sanking, bør setjast på intensiv sluttfôring på kraftfôr og grovfôr eller eit godt grønnfôrbeite rett etter sanking.
  • Sorter søyelam og vêrlam. Det er spesielt viktig dersom sluttfôringa går føre seg inne. Dette gjev også meire ro i flokken og betre tilvekst.

Kategoribeskrivelse Vær

Klassifisering