Samanhengen mellom slaktekostnad og avrekningspris på lam
(05.09.16) Avrekningsprisen for eit lam blir bestemt av m.a. kva det kostar å slakte lammet. I praksis kostar det omtrent det same å slakte eit lite og eit stort lam. Slaktekostnaden per kg går difor ned når eit lam blir tyngre fordi det blir fleire kg å fordele same kostnaden på.
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
Slaktekostnaden blir berekna for ulike vektgrupper og avrekningsprisen vil endre seg som vist i tabell 1:
Tabell 1: Endring i avrekningspris for ulike vektgrupper av lam:
Vektgruppe |
Auke i avrekningspris per vektgruppe pga lågare slaktekostnader på lam |
9,0 kg og lettare |
|
9,1 kg til 13,0 kg |
+ 8 kr |
13,1 kg til 16,0 kg |
+ 4 kr |
16,1 kg til 23 kg |
+ 3 kr |
23 kg og tyngre |
+ 0,68 kr |
Frå måndag 4. juli senka Nortura vektgrensa for å få Stjerne- og Gourmetlam tillegg frå 16,1 kg til 15,1 kg. Vi har fått spørsmål om kvifor avrekningsprisen likevel går ned med 3 kr for lam mellom 15,1 - 16,0 kg.
Dette kjem av at desse lamma kjem i ei anna vektgruppe med 3 kr høgare slaktekostnad enn lam i vektgruppe 16,1 - 23 kg.