Stor salsauke av lam til daglegvare

(25.11.20) Etter ein litt treg oppstart av salssesongen fordi lammeslaktinga var uventa låg i starten av september tok vi att det tapte og mykje meir enn det seinare i sesongen.

Summerer vi alle salskanalar, er salsveksten på 4,7 % eller 263 tonn med lam, den største veksten er til daglegvarekundane. Salet av både Gilde- og Norfersk-produkt av lam har auka med ca 20 %. 

– Det er spesielt gledeleg med så stor auke for bondens eige varemerke. Satsinga på Gilde Hverdagslam har ei stor ære for det. Her er salet meir enn dobla i forhold til fjorårets sesong. Ein annan viktig årsak er at kjedene har hatt fokus på sesongprodukta lenger utover oktober, seier Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura.

Finn Avdem, fra Lam 2020 kongressen
– Det gode salet kjem av godt lagspel, frå bonde til butikk, seier Avdem. Bildet er frå Lammekongressen 2020 i Tromsø i mars.

God kvalitet på lamma
Stjernelam-andelen er rekordhøg, heile 89 % av lamma Nortura har slakta denne sesongen har fått utbetalt Stjernelam-tillegg. Det er ein auke på over 5 % i forhold til 2019. Litt høgare slaktevekt og færre lam med feitt-trekk, ser ut til å vera årsak til det.

Godt sal gjev lågare lager
Ved utgangen av veke 45 ligg det 1 700 tonn lam på reguleringslager. Det er berre lam Nortura har hatt behov for å reguleringslagre denne slaktesesongen, all sauen har gått til eiga skjering og til industrisal. På same tid i fjor låg det 2 800 tonn sau/lam på lager, altså ein lagernedgang på over 1000 tonn.

Nortura sit eige lager av skore vare av sau/lam er også over 1000 tonn lågare enn på same tid i fjor.

– Nortura har difor behov for meir av både sau og lam framover, for å ha nok råvarer til påskelam, grillsesong og Hverdagslam. Vi har difor god tru på at reguleringslageret ikkje vil vekse så mykje framover. Målet er at vi går inn i 2021 med passeleg lager til å dekke behovet fram til ny slaktesesong, seier Avdem.

Lammesesongen i statistikk