Teljedato og slakting før eller etter 1. mars?

(03.02.22) 1. mars er teljedato for produksjonstilskot og avløysartilskot, og vi får spørsmål om det løner seg å slakte lam før eller etter denne datoen.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

Fylgjande reglar gjeld 

Tilskot for husdyr:

Sau/lam født året før eller tidlegare:

  • 1-150 stk: kr 985 pr stk
  • 151 stk og meir: kr 209 pr stk

Tilskot til lammeslakt O+ og betre: kr 450 pr stk 

Tilskotet blir ikkje utbetalt for lam født året før og som blir levert til slakteriet frå og med 1. mars eller seinare. Dette er gjort for at ein ikkje skal få utbetalt både dyretilskot og lammeslakttilskot på same dyret. 

Teljinga 1. mars er også grunnlag for utbetaling av avløysartilskotet på kr 482 per sau/lam. Har du avløysar, så lyt ein også tenke på avløysartilskotet.

Tilskot avløysing (berre sau/lam)

  • 1-182 stk: kr 482 pr stk
  • >182 stk: kr 0 pr stk

Maksimalt avløysartilskot er kr 87.800. Dersom du har andre husdyrproduksjonar i tillegg til sau, lyt ein ta omsyn til desse også.

I tillegg må ein i år også ta omsyn til at det blir ein prisoppgang på lam frå måndag 28/2 på kr 3,3 pr kg på grunn av auka engrospris. For eit medels lam på ca 19 kg utgjer dette kr 63 pr lam

Eksempel:

Du har 183 og fleire sau/lam på fjøset den 1. mars:

  • Da vil det lønne seg å slakte lammet før 1. mars, så sant dyret får kategorien lam og klasse O+ eller betre, gevinst kr 178

Du har mellom 150 og 182 sau/lam i fjøset den 1. mars:

  • Da må du vurdere om du kan gjere deg nytte av avløysartilskotet. Om avløysartilskottet ikkje kan nyttast, vil det lønne seg å slakte lammet før 1. mars. Gevinsten er kr 178, jamfør dømet over. Dersom du berre driv med sau og kan nytte deg av avløysartilskotet, vil det lønne seg å vente med slakting til etter 1. mars, gevinst kr 304

Du har mindre enn 151 sau/lam på fjøset 1. mars:

  • Da kan det lønne seg å slakte dyret 1. mars eller seinare. Hovudregelen er at dyr født året før, blir kategorisert som lam heilt fram til 15. april, gevinst kr 598 utan avløysartilskot og kr 1080 med avløysartilskot.

Andre vurderingar ein må gjera når det gjeld slaktetidspunkt:

  • Jo eldre eit lam blir, jo mindre lammepreg får dyret. Risikoen aukar difor for at lammet får andre kategoriar enn "lam" jo eldre dyret blir. Feitt-trekk kan også gjera at noko av gevinsten med utsett slakting går tapt. Lammet skal ha fôring og stell som også kostar pengar.

Søknadsfrist for husdyrtilskot er 15. mars.