Søk:

Verktøylinje

Tid for å ta ut grovfôrprøver til analyse

(04.10.16) Grovfôret er det viktigaste fôret til sauen, difor er det så viktig å ha oversikt over kvaliteten på grovfôret du har hausta i sommar. Det får du dersom du tek ut grovfôrprøver til analyse.

Grovfôret er det viktigaste fôret til sauen, difor er det så viktig å ha oversikt over kvaliteten på grovfôret du har hausta i sommar. Det får du dersom du tek ut grovfôranalyser.

Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura

I Nortura har vi også utvikla eit rekneark-verktøy vi har kalla "Nortura Sauefôring". Dette reknearket kan du laste ned frå kategorien "Beregningskalkulatorer", kategorien ligg beskytta bak pålogging.

Når du har analysebeviset klart, kan du leggje resultatet inn i Nortura Sauefôring og få eit svar på kor mykje grovfôr det er sannsynleg at sauen et ved appetittfôring, og kor mykje kraftfôr ein bør gje ut ifrå måla du set deg for produksjon på sauen.  

Dersom du har mistanke om mangelsjukdomar i saueflokken din, kan "Nortura Sauefôring" vera eit reiskap for å greie ut dette. Du må da bestille "mineraler" på bestillingsskjemaet. Analysesvaret kan du leggje inn i eit eige del av fôrplanleggingsarket, som reknar på mineralinnhaldet i totalrasjonen (grovfôr+kraftfôr+mineraltilskot)  mot tilrådde krav til mineralinnhald i fôret til sau i ulike periodar. Ein kan da prøve seg fram med ulike mengder tilskotsfôr til det blir dekning. Du kan laste ned "Nortura sauefôring" frå småfesidene under "Beregningskalkulatorer". 

Informasjon om uttak av prøver, innsending og prisar på grovfôranalyser finn du under "Landbruk" på www.eurofins.no. For å få dei analyseverdiane du treng for å bruke "Nortura sauefôring", bestiller du analysepakka: " Næringspakke NIR (med NorFor-verdier)". Er du usikker på gjæringskvaliteten, kan det også lønne seg å ta med: "Gjæringskvalitet med etanol", og dersom du vil greie ut evt. mineralmangel, bestill "Mineraler".

Team småfe i Nortura hjelper gjerne med å tolke grovfôranalysene og lage ein plan for årets innefôringssesong.

Andre leverandørar av grovfôranalyser:

Ofotlab: ofotlab.no/tjenester/ruminants.html

Felleskjøpet Rogaland/Agder: www.fkra.no/plantekultur/analyser/