Troms på Stjernelam-toppen i sesongen 2016
Lammesesongen 2016
(04.01.17) Da er 2016 historie og vi kan gjera opp status for Lammesesongen 2016. Fasiten på lammesesongen vart ein auke på nesten 24 000 lam, men vektnedgangen på 0,7 kg er faktisk såpass stor at vi har slakta færre kg lam i 2016-sesongen enn året før. Vi har hatt tilførselsauke i alle fylke utanom Nordland og Troms.
Av: Finn Avdem, fagsjef småfe i Nortura
Før årets sesong sette vi opp fylgjane ynskjeliste til Nortura-sauebonden:
- Fleire lam i underskotsvekene i september
- Færre tunge lam over 23 kg
- Gir for store stykningsdelar ⇒ mindre sal
- Auka totalproduksjon
- Færre «ukurante» lam, f.eks. lam med hygienetrekk, feittrekk osv
- Gir pristrekk for bonden
- Avgrensar kva lamma kan brukast til
- Slike lam blir difor ofte liggjande på «uønska» lager i Nortura
- Fortsatt auka oppslutnad om Nortura
- Viktig for å ha marknadsmakt og forhandle pris
- Nok tyngde til å vera ein effektiv marknadsregulator
Vi fekk dette:
- + 37 600 lam i september
- Vektnedgang på 0,7 kg, men likevel 29 000 fleire Stjernelam. Vektreduksjonen i sesongen utgjer ein redusert overproduksjon på 482 tonn samanlikna med om vekta hadde vore som i 2015.
- 4 900 færre sau/lam med hygienetrekk (- 0,6 %)
- 4 200 færre lam med feitt-trekk (- 0,8 %)
- Slaktestatistikken frå Animalia tyder på stabil marknadsandel for Nortura på tilførslar av sau/lam i 2016
I det heile er vi veldig godt fornøgd med tilførslane i sesongen, både når det gjeld tidspunkt når lamma kom til slakting, og kvaliteten som er levert. Dette viser nok ein gong at Nortura-sauebonden reagerer på marknadssignal.
Vi gratulerer Troms som sesongens Stjernelam-fylke med 83,9 % Stjernelam. Rett bak fylgjer Vest-Agder, Buskerud og Sogn og Fjordane. Heile 8 fylke hadde meir enn 80 % Stjernelam i sesongen 2016.
Korleis har salet gått i 2016?
Dersom vi summerer både fersk- og frossen-salet til forbrukar og storkjøkkenmarknaden, har Nortura ein salsauke på 3 % eller 130 tonn i 2016. Ferskvare-salet har auka med heile 8,3 %. Det er ein god indikator på at vi lykkast godt med sal i sesongen, til tross for det er langt mindre av dei store "sjokktilboda" på fårikålkjøtt.
Ein viktig årsak til auken i ferskvare-salet er at sauebonden responderte godt på ynskjet om tidlege lam. Alle kundar fekk det dei ville ha gjennom heile lammesesongen. Sesongen 2016 viser også at det er mogleg å selje fårikålkjøtt og anna snadder av lam sjølv om det var sommartemperaturar ute.
Ynsket for 2017 er difor ein repetisjon på tilførselsmønsteret vi hadde i sesongen 2016.
Men godt er ikkje godt nok, spesielt når industrisalet (sal til andre foredlingsbedrifter enn Nortura) har gått ned med heile 15 %, eller godt over 1000 tonn. Det er difor framleis ein veldig krevjande marknadssituasjon på sau og lam og det blir difor jobba godt med kjedene for å auke salet framover.
Vi har difor god tru på at det vil merkast godt i butikkdiskane utover 2017 at Nortura har auka salstrykket. Vi har også tru på at industrikundane etter kvart vil få behov for å kjøpe meir sau/lam frå Nortura.
Statistikk
» Oversikt veke 28 - 52, pdf. 33 kb
» Oversikt veke 28 - 46 lam og sau 2 sider, pdf. 35 kb
» Oversikt veke 28 - 44, pdf. 33 kb
» Oversikt veke 28 - 43, pdf. 33 kb
» Oversikt veke 28 - 42, pdf. 38 kb
» Oversikt veke 28 - 41, pdf. 38 kb
» Oversikt veke 28 - 40, pdf. 38 kb
» Oversikt veke 28 - 39, pdf. 33 kb
» Oversikt veke 28 - 38, pdf. 38 kb
» Oversikt veke 28 - 37, pdf. 38 kb
» Oversikt veke 28 - 36, pdf. 38 kb
» Oversikt veke 28 - 35, pdf. 38 kb
» Oversikt veke 28 - 34, pdf. 38 kb
Statistikk frå Animalia | ![]() |