Unngå hygienetrekk på sluttfôringslamma
(08.07.16) Andelen sau og lam som får trekk på grunn av at det ikkje er mogleg å klyppe dei reine på slakteriet, har auka frå 0,6 % i 2014 til 1,2 % i 2015 i Nortura. Dette er ein negativ trend som vi må snu!
![]() Møkk på bryst på grunn av skittent underlag |
Her er nokre råd:
Unngå at sluttfôringslamma får laus avføring. Appetittfôring med kraftfôr passer best til middels til seint hausta grovfôr som inneheld ein del fiber. Brukar du for eksempel ein fiberfattig tidleg hausta 2. slått, så bruk avgrensa mengder med kraftfôr, for eksempel 0,3 kg fiberrikt lammekraftfôr to gonger om dagen. Ein vil likevel få ei intensiv sluttfôring med mindre bruk av kraftfôr.
Sørg for at underlaget lamma går på er reint og tørt. Unngå at drenerande golv tettar seg på grunn av at lamma dreg fôr inn i bingen. God kutting av fôret og 40-42 cm høgde frå golv til nedre kant på eteopninga, ser ut til å vera positivt med tanke på dette. Nytt strekkmetall er mindre utsett for å tette seg enn gamalt strekkmetall. Ved sluttfôring på talle, sørg for at tallen er tørr ved å bruke rikeleg med strø.
Dersom lamma likevel blir skitne, så prøv å klyppe dei reine heime før levering. Spesielt utsette stader er nedover frå endetarmsopninga, ut- og innside av lår og bein, rundt pung og jur. Ved skittent golv kan det også vera møkk framover brystet. Før levering bør så mykje av møkka som mogleg i desse områda bli fjerna.
Ikkje lett å klyppe heilt reint her når møkka sit så tett inn på skinnet
Flott eksempel på korleis ein har fått fjerna møkk med klypping