Søk:

Meny

Verktøylinje

Fokus på innreiing

Resultater frå Norturas Eggkontroll 2013 – 2015, siste resultat frå "Den gamle Eggkontrollen "

(29.04.16) De resultat frå Eggkontrollen som blir presentert i denne artikkelen, er lagt samen i to hovudkategoriar; resultat frå miljøinnreiingar og resultat frå frittgåande innreiingar.

Av: Hannele H. Hestetun, rådgjevar egg Nortura

Frittgåande innreiingar inkluderer aviar og golvinnreiingar samt solegg frå frittgåande høner. Økologiske egg er heldt utanfor.

Antal høner i landsgjennomsnitt i Norturas Eggkontroll har gått litt ned frå i fjor. Det er til saman ca. 360 000 høner med i talgrunnlaget. Miljøinnredning er dessverre representert med bare 10 fullførte flokkar. Dette gjer noen tilfeldige utslag i 2015 i forhold til året før.

Grafane nedanfor viser utviklinga i resultat frå 2013 til 2015. Alle resultat gjelder fram til 72 vekers alder (tom 13.periode).

Det har vore små endringar i utvikling av totalproduksjon.

Produksjon kg egg pr. innsatt høne  har hatt ei lita auke i miljøinnredning og liten nedgang i frittgåande anlegg  i 2015. Dette skuldast auke i eggvekt i miljøinnredning og nedgang i både antal egg pr. innsatt høne og eggvekt i frittgåande anlegg.

Tala er fram til 72 v alder.

NB: Få flokkar i miljøinnredning

Grafer eggkontrollen

Grafer eggkontrollen

Grafer eggkontrollen

Grafer eggkontrollen

 NB: Få flokkar i miljøinnredning

Både fòropptak pr. høne pr. dag og fòrforbruk kg fòr pr. kg egg har gått litt ned i begge produksjonsformene. 

Tala er fram til 72 v alder

Grafer eggkontrollen

Grafer eggkontrollen

Dødelegheit har auka i begge innredningane, men betydeleg meir i frittgåande besetningar.

Grafer eggkontrollen

Konklusjon:

Produksjon (eggmasse) har positiv trend i miljøinnredning. Dette skuldast auke i eggvekt.

Pga. få fullførte flokkar kan dette skuldast tilfeldige utslag, for eksempel oppdrettar eller fòrfirma. I frittgåande besetningar har eggmasseproduksjon pr. innsatt høne gått litt ned.

Dette resultatet blir påverka av dødelegheit som har vore aukande. Auke i dødelegheit i frittgåande flokkar er bekymringsfullt og vi må følgje nøye med i utviklinga.

Fòrforbruk pr. kg egg og pr. høne pr. dag og har gått litt ned i begge produksjonsformene.

Vi har nå lansert Norturas nye Eggkontroll på Min Side under Nortura Medlem.

Vi håpar på god oppslutning og kunne presentera nye resultat med mykje bakgrunnstal neste år.