Jostedal samdrift
(19.11.08, oppdatert 11.08.09) På Myklemyr i Jostedalen hos Magnus Snøtun finn vi Jostedal Samdrift, som bygde nytt uisolert sauefjøs i 2007 med plass for 290 vinterfôra sau. Byggekostnader 6200 kroner / v.f.s.
Av:Johannes Nedrebø, tilførselssjef småfe i Nord-Vest.
Grunntankane med løysinga har vore:
- Effektivitet
- Enkelt
- Mest mogleg arbeid med traktor
- For samdrifta har det vore viktig å ha klare reglar (brukt mykje tid på dette). Alt er samla i samdrifta, bortsett frå utmarksbeite/sanking.
Dette saman med erfaringar som sauebønder har resultert i eigen løysing som til denne tid ( 1 år ) fungerar svært bra. Dei ynskjer å drive økologisk drift. Dei er framleis i ein utviklingsfase og dreg stadig erfaringar med sine løysingar. Dei er interessert å vere med i vidareutviklinga av næringa vår og dele våre erfaringar med andre som er interessert.
Fakta om bygget:
- Naturleg ventilasjon (heva møne og perforerte stålplater under takutstikk)
- Tallefjøs med heva inspeksjons-/fôrgang rundt, grusunderlag.
- 2 drikkepunkt med varmetråd i alle vannledninger. Rør videre ut i lamminga.
- Den sjølvkomponerte "Jostedalshekken
- Kraftfôr gis på fôrbrett langs vegg. Her er det også lagt inne drikkerenne som kan benyttes som drikkekilde under lamming når gruppering er nødvendig.
- Trekonstruksjon med stålplater som kledning.
- Husdyrrom 16 x 40 meter
- Kontordel, med garderobe og dusj, 10 x 4 meter
(Klikk på bildene for større bilder)
![]() |
![]() |
Fasade. | Fasade med kontordel. |
![]() |
![]() |
Fasade med lysplater. | Lysplater. |
![]() |
![]() |
Ventilasjon. | Kontordel. |
Les meir om Jostedal samdrift på passordbelagte medlemssider. (Logg på for at lenkene under skal vises.)
» Jostedal samdrift - erfaringer og "Jostedalshekken"
» Jostedal samdrift i lamminga