Ellefsæter gård

(15.09.08, oppdatert 04.05.2017) Martin Opsal har kjøpt gården Ellefsæter østre i Ringsaker i Hedmark fylke. Der vil han bygge på gamlefjøset, slik at han kan huse 350-400 dyr. Logger du inn kan du nå se det ferdige resultatet og hvordan fjøset fungerer i lamminga.

Av: Erling Skurdal, tilførselssjef småfe i Øst

For Martin Opsal (29) har målet heile vegen vore klart – kjøpe seg gard og drive med sau. På heimgarden i Veldre, Ringsaker, har det alltid vore sau, og Martin har fått saueproduksjon inn med teskei.

Etter kvart har Martin tilegna seg stor kunnskap om sauehald - gjennom drifta heime, som røktar på Staur i 2-3 år og i dei seinare åra gjennom eige drift på leigd gard der han nå har 200 vfs (NKS). I tillegg er han med i vêrring, er inseminør og sauedommar, og har 4 Border Colliar. Med andre ord har han det beste grunnlaget nå når han har gjort sitt valg – å byggje nytt fjøs på Ellefsæter østre som han kjøpte i 2007.

Heilt nytt fjøs blir det ikkje. Det gamle fjøset på garden som opprinneleg er eit kufjøs tilpassa sau dei seinare åra, vil bli bygd om og inn i det nye. Etter planen skal det her bli plass til 350-400 dyr, som skal gå på plastrister i den nye delen og ein kombinasjon av rister og talle i den gamle. Det vil bli fri tilgang på grôvfôr inne (Islandskasser). På utsida vil det vera tilgang til luftegardar.

Heile garden er på 600 daa, av dette 140 daa dyrka. Utmarksbeite ligg rett inntil garden, og der er beitebruken godt organisert gjennom Danseråsen sankelag i Ringsaker beitelag. Eit etter kvart nesten årvisst problem her er rovviltskader. Mest bjørn, men iblant ulv trass i at dette ligg utanfor dei områda som fast bestand av desse dyreslaga i følgje rovviltplanen for Hedmark skal ha sitt tilhald.

Etter planen skulle bygget stå klart ved innsett hausten 2008, men dette er nå endra til lamminga våren 2009.

 Gammel og ny gårdbruker sammen med rådgiver. Inni gamlefjøset.

Martin Opsal i midten, og byggplanleggjar Knut Evensen, Nortura, i samtale med den tidegare eigaren, Åge Haugen (t.h.) framfor gamlefjøset.

Inne i nåverande fjøs. Martin har for lengst innsett at vekt er eit viktig hjelpemiddel for å kunne følje med og få topp resultat. Ny elektronisk vekt er kjøpt inn.


Kontakt: Eirin Sveahaugen tlf. 971 99 421 

Byggeprosessen fortsetter: 
(Artiklene er lagt på passordbelagte medlemssider. Logg på for at lenkene skal vises.)