Jønnardalen gård

(19.12.08, oppdatert 16.12.16) Øvst oppe i Langlim, i Seljord kommune, ligg Jønnardalen. Her bur og driv Håvard Jønnardalen saman med kona Unn Kristin, og jentene Silje og Hanne. Jønnardalen satsar vidare og planane for ei storsatsing med nytt sauefjøs er klare. Håvard Jønnardalen satsa og no er nyfjøset klart og i bruk.

Av: Toril Sisjord, rådgiver i Nortura Team Sau.

For å gå til siste oppdatering må du logge inn og bruke lenke i bunn, eller oppe til høgre.

 Håvard Jønnardalen og saueflokken  Nytt kaldfjøs
Håvard Jønnardalen med saueflokken. Nytt kaldfjøs med utefôring.

Øvst oppe i Langlim, i Seljord kommune, ligg Jønnardalen. Dette er ei lita bygd, litt til kanten for den aller største fredselen, men likevel høgst levande. Her bur og driv Håvard Jønnardalen saman med kona Unn Kristin, og jentene Silje og Hanne.

Håvard Jønnardalen vart Norturamedlem i 2008. Han har akkurat bygd nytt kaldfjøs, og skal auke opp til 150 vfs. Han har satsa på utefôring, trass i mykje snø. Innreiing er ikkje fast, han bruker lause grinder og fôrbrett som kan byggjast saman etter behov, nesten som lego! Løysinga er billig og arbeidsbesparande, og krev berre fôring 4. kvar dag.

Driftsbygningen
Hallen er på 288 kvaderatmeter. Av dette utgjer ca. 30 kvadratmeter vaktrom og plass for rundballekuttar mm. Hallen har varmeslyngedrikkekar og varmekabel. Pr. i dag er der 4 slike. Det passar i forhold til inndeling i paringa, og elles i året. Han skal montere 4 drikkekar til for å forenkle oppstalling av værar og andre dyr, som av ulike årsakar må stå for seg sjølv. Tallen vert kompostera. Hallen har ope møne. Om våren får ein utlufting ved å opne vindauge og dører. Dagslys kjem inn i hallen gjennom vindauge og lysplater i taket.

 Smittesluse i varmerommet.  Inni fjøset.
Smittesluse er oppretta i samband med varmerommet. Inni kaldfjøset. 

Drifta
Frå hausten av og til ca. 1. mars har sauen fri tilgang av rundballefôr. Påsettlam og 2-åringar er haldne for seg sjølv, og får i tillegg kraftfôr. Dei vaksne sauene får fyrst kraftfôr når det nærmar seg lemming. Som medlem av Midt-Telemark Dalaværring tek han del i eit aktivt avlsarbeid. Han nyttar både eliteparing og semin. Middel lammedato er 4.-5. mai. Jønnardalen har råd med å gje sauene god plass i lemminga. Vert det for fullt, tek han med seg sauene og dei eldste lamma attende til ”gamlefjøset”. Det er vanskeleg å kome utanom koppelam, sjølv om han med stort hell sett over lam til søyer med einstaka lam. For framfôring av koppelam nyttast mjølkefôr og kraftfôr. Nedkjøling av lam er eit problem i kaldfjøs. Her lagar Håvard til ei ”spesialsjukestove”. Her får lam som treng noko ekstra - varme og mat.

Sauene vert sleppt ut omkring 10 mai, men må tilleggsfôrast både med grovfôr og kraftfôr. Garden ligg på 700 moh. Når våren kjem liksom eksploderar det, og sumaren er komen. Sauer og lam kan spasere oppover i fjellsidene. Sumarbeite ligg berre 1 km frå garden. Dei siste åra har gjeve utfordringar med rovdyr. Det er gaupa som har funne sin plass i fjellet. Det gjer at livet som saubonde ikkje kjennes berre enkelt når han plystrar seg oppover Rust og Skør (lokale fjelltoppar).

Jønnardalen vaksinerar alle påsettlam om hausten, men har valt å ikkje behandle flokken for snyltarar om hausten. Alle lam vert behandla på våren. Håvard fôrar med grovfôr kvar 4. dag, men gjev kraftfôr og ser til at alt er bra kvar dag. – Ei glede!

Om våren har Håvard sin eigen plett på jord. Vaktrommet er ”perla” i bygget. Her steiker han flesk og kokar kaffi. Tek ein dupp på senga og passar sau og lam. Kan nokon ha det betre ?

Håvard Jønnardalen har nå planar klare for ei storsatsing med nytt sauefjøs til 300 vinterfôra sau. "Gamle fjøset", som slettes ikkje er gamalt, skal brukast når plassbehovet er størst. Altså under lamminga. Plan B er å ha 200 vinterfora i det nye og 100 i det gamle. Du kan lesa om denne satsinga og bilete frå arbeidet med grunnarbeid og tomta til nybygget, dersom du loggar deg inn og klikkar på lenkene under.

 Håvard i vaktrommet.  Sang om Håvard.
Håvard i vaktrommet. På veggen i vaktrommet heng dette: Den beste beskrivelsen av Håvard frå den som kjenner han best..... 

(Klikk på bildene for å se større bilder).

Lenker under er til beskyttet område, du må være logget på for at de skal vises.

» Nyfjøset klart og i bruk