Klyppekurs på Søve

okt
Nome videregående skole, avdeling Søve
  • (9. oktober)
  • (10. oktober)
  • (11. oktober)

Velkommen til Klyppekurs

Telemark Sau og Geit og Nortura SA inviterar til Kurs i saueklypping for vidaregåande (dersom kurset ikkje fylles kan nybyrjar takast inn).

Program:

Fredag 9. oktober

  • Kl 09.30 Frammøte på Søve. Kaffi og mat
    Velkommen til kurs med orientering og presentasjon v/ kursleiar
    Hygiene og smitteførebyggjande tiltak
    Klyppeteknikk , oppsetting av klyppeplass , handtering av sau før klypping , utstyr og handtering av dyra ved klypping , kammar og knivar, montering og innstilling av knivsett
  • Kl 13.00 Lunsj
    Ull og ullsortering
    Deltakerane klypper sau og sorterar ulla. Instruksjon og teknisk trening.
  • Kl 19.00 Fagprogram slutt for i dag

Laurdag 10. oktober

  • Kl 08.30 Vel møtt til ny kursdag . Trening på øvingar for oppmjuking av kroppen / styrking av ryggen.
    Teknisk trening held fram. Individuell rettleiing
  • Kl 11.00 Kaffipause
    Teknisk trening held fram. Individuell rettleiing
  • Kl 12.30 Lunsj
    Sliping av knivar
  • Kl 15.00 Kaffipause
    Teknisk trening held fram. Individuell rettleiing i klyppeteknikk, ullsortering og sliping
  • Kl 19.00 Fagprogram slutt

Sundag 11. oktober

  • Kl 08.30 Vel møtt til siste kursdag. Oppmjuking av stive kroppar og førebuing til innspurten ! Teknisk trening held fram.
  • Kl 10.30 Kaffipause
  • Kl 11.00 Praktisk prøve med individuell vurdering:
    • - sliping, montering og innstilling av kam og kniv
    • - klyppe 5 sau, tidtaking 
  • Kl 14.00 Oppsummering og kursvurdering. Utdeling av kursbevis og sertifikat

Sjå meir info om kurset og påmelding