Søk:

Du er her: Hovedsiden / Gris / Dyrevelferd /Magesår

Verktøylinje

Dyrevelferd hos gris:

Magesår, ei utfordring for svinenæringa?

(03.03.11) Magesår hjå gris er ein multifaktoriell lidelse. Det er rapportert til tider mykje magesår på purker frå praktiserande veterinærer og fortvila produsenter. Er dette eit problem? Norske purker vert no undersøkte ved tre slakteri i Norge. Mykje tyder på at norske purker har magesår slik ein finn mellom anna i Danmark.

Av: Tone Runhild Obrestad Skadsem, tidl. spesialveterinær i Nortura


Anatomi av magesekken.
0: Den kjertellause kvite del av magesekken. Det er her magesår utviklar seg.
F: Syre og enzym blir produsert her.

Magen til gris er bygt opp av ulike cellelag i dei ulike deler av magen. Spiserøyret opnar i den kjertellause kvite delen av magen. Denne delen er ubeskytta og det er her magesår utviklar seg. I mageveggen på motsett side av opninga frå spiserøyret blir syrer og enzym danna. Dette skyller opp på den kvite delen og kan føre til nedbryting av slimhinna.

I naturen skal maten leggje seg lagvis i magen, og dermed beskytte den kjertellause delen mot syrepåkjenningar. I moderne svineproduksjon vil denne lagvise fordelinga av fôr sjeldan skje grunna dei fòringshøva me har.

Magesår er dynamiske og kan dukke opp og helast på kort tid. Det ser ut som at magesår er eit aukande problem på gris. Dette kan skuldast større stresspåverknader på dyra grunna auka besetningsstørrelsar og produksjonsresultat. Det er og hevda at magesår har ein viss arvbarheit. Mangler ved fôring, vatn og management kan forsterke problema i besetningar.

Størrelsen på fôrpartikler speler ei stor rolle i utviklinga av magesår. Det er ikkje snittstørrelsen på partikler, men prosent av veldig fine partikler som avgjer om fôrstrukturen er god. Det blir anbefalt å bruke "mellomgrovt formala" fôr, der 50 % av partiklane er mindre enn 1 mm størrelse, 35 % mellom 1-2 mm, 12 % mellom 2-3 mm og 3 % over 3 mm. Kraftfôr med mykje støv er difor uheldig fordi andelen fine partiklar aukar.

Vatninntaket auker ved mengden fine partiklar og mageinnhaldet blir tyntflytande. Dette fører til ei auke i pH i magesekken, noko som kan skade slimhinna i den ubeskytta delen.

Tyntflytande mageinnhald fører til raskare tøming av magesekken, og det reduserer pH'en som igjen skader slimhinna. Likevel er det ikkje funne forskjell i prevalens av magesår mellom våtfôring og tørrfôring.

Nivå av fiber i fôrrasjonen speler og inn. Auka fiberinnhald fører til seinare tøming av magesekk. I tillegg forbetrar fiber "styrken" i veggen til både magesekk og tarmer. Ei tjukk blanding i magesekken hindrar syrer og enzym å kome i kontakte med den ubeskytta delen av magesekken. Altså, grovfôr er positivt for å beskytte mot endringar i magesekken.

Stress er ein kjent faktor for utvikling av magesår hjå menneske. Medan du kanskje får magesår over å sjå ein tom grisebinge, vil grisen stresse dersom den blir plassert aleine utan kontakt med andre griser. Innsett i nytt grisehus, ny avdeling vil stresse purker. Samanblanding av gris, svelt og transport kan og stresse dyra. Det er viktig å gje purker ro når dei skal ete, og tid til å ete heile rasjonen sin i fred og ro. Her har me nok store utfordringar i praksis, særskilt for purker nederst på rangstigen, men også for mellomrangspurker som må jobbe hardt i bingen for å få tak i nok fôr.

Kartlegging av forekomst av magesår hjå purker
I Norge er det på 60-talet gjort ein undersøkelse hjå slaktegris som konkluderte med at under halvparten av dyra har ei heilt normal mageslimhinne. Ein dansk undesøkelse i 2002-2004 påviste mageforandringer hjå 75 % av 775 slakta purker. Hjå 28 % av desse purkene var endringane karakterisert som alvorlege.

Helsetjenesten for svin er nå midt i ein undersøkelse der me kartelegger forekomst og gradering av magesår hjå purker på 3 slakterier i Norge. Purkene blir gradert frå 0 til 11 der 0 er normal mageslimhinne og 11 er akutt blødande magesår.

I undersøkinga vil me og forsøke å kartleggje besetningar med låg og høg forekomst. Vidare er det ynskjeleg å kartlegge moglege risikofaktorer. Produsenter blir kontakta etter registrering for å kartlegge fòring og utsjaltingsårsaker.

Det er for tidleg å seie noko om resultat i den norske undersøkinga som pågår. Men det tyder på at det ikkje er mindre mageforandringer enn den danske undersøkinga syner. Førebels er grad 0, altså ei normal slimhinne ein sjeldanheit. Mange purker har ei fortjukka slimhinne som svar på mindre fôrings- og miljøstress. Me trur førebels at graderinger over grad 5 har klinisk betydning for purka. Ein betydeleg andel av purker får gradering over 5. Dette antyder at me har store utfordringar på magesår hjå purker, noko som me må arbeide saman for å løyse.