Søk:

Verktøylinje

Fleire vil satse på spesialisert kjøtproduksjon

(11.05.17) Prosjektet «Økt sau- og storfekjøttproduksjon i Møre og Romsdal» starta opp i 2014, og vart avslutta i april 2017. Ambisjonen ved prosjektstart var 5 prosent produksjonsauke i forhold til 2012. I utgangspunktet vart dette oppfatta som offensivt – men ved prosjektslutt er målsetjingane oppfylt med god margin.

Prosjektleiar Mathilde Solli Eide
Prosjektleiar Mathilde Solli Eide kan vise til eit svært vellukkat prosjekt med å auke produksjonen av saue- og storfekjøt.

Slaktevektene på storfe har gått opp, og færre kalvar har blitt slakta. Det er framleis underdekking på storfekjøt, og innsatsen for å få fleire til å satse på ammekuproduksjon skal halde fram etter prosjektperioden.  

Prosjektet har jobba med fellesarrangement, studieturar og fagmøte, - i tillegg til individuelle råd. Fleire av bøndene har konkrete planar om å satse på ammeku, og nokre har fått finansieringa gjennom Innovasjon Norge på plass.

Prosjektet har bidratt til lokale møteplassar for sauenæringa, og stimulert til lokal aktivitet i  Sau og Geit.   

Nortura har vore prosjekteigar, og jobben er gjort i samarbeid med TINE, TYR Møre og Romsdal, Møre og Romsdal Sau og Geit, Møre og Romsdal Bondelag, Landbruk Nordvest, NORSØK/NIBIO og Felleskjøpet Agri.

Prosjektleiar Mathilde Solli Eide, Nortura.

Artikkelen er henta frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal 

Prosjektet er også omtalt i Romsdals Budstikke i dag 11. mai. Artikkelen er en "PLUSS-artikkel" som krever innlogging.
 

Fagtur bygg for ammeku, besøk hos Sivert Mauset i Surnadal. Foto: Mathilde Solli Eide
Fagtur bygg for ammeku, besøk hos Sivert Mauset i Surnadal. Foto: Mathilde Solli Eide

 

Kurs om sau for nye på Tingvoll ble avsluttet med fjøsbesøk hos Rune Hanem. Foto: Mathilde Solli Eide
Kurs om sau for nye på Tingvoll ble avsluttet med fjøsbesøk hos Rune Hanem. Foto: Mathilde Solli Eide