Godt salg i årets kjekampanje

(27.04.21) Nortura har i mange år hatt kampanje på sal av Stjernekje i samarbeid med Norgesgruppen. Dette året har også Coop Mega for alvor satsa på denne delikatessa. – Det er svært positivt for salet, seier fagsjef småfe i Nortura, Finn Avdem. Neste kampanje er veke 18.

Gilde Stjernekje i Coop Mega Molde. Foto: Coop Mega

Utgangspunktet for ei vellykka kampanje er Nortura-geitebonden som leverer kje med god slaktekvalitet. I dei to fyrste kampanjevekene låg medel slaktevekt rundt 6,5 kg og klassen mellom O og O+.

Ny kampanjeveke 3. - 9. mai (veke 18)

1 700 kje er meldt inn til denne kampanjeveka.

– Her marknadsfører vi kje som grillmat. Dette ser ut til å slå godt an. Når vi summerer førehandssalet til veke 18 og faktisk sal i dei to fyrste kampanjevekene, ser vi ut til å hamne på eit sal rundt 14 tonn Stjernekje. Dette er ein vekst på heile 56 % i forhold til 2020, forteller Avdem.

– I tillegg frys vi inn Stjernekje som blir til overs, slik at daglegvare- og storhushaldningskundar kan kjøpe kje også utanom kampanjevekene.

Skjæring av kje

Kjelår
Skjæring av kje og ferdige produkter hos Coop Mega Kilden. Foto: Coop Mega

Nortura Medlemssenter: 
Postboks 70, 2360 Rudshøgda
Telefon: 95 51 84 00 (ikke sms)   Faks: 73 56 49 01
Kontakt oss
Personvern
Webredaktør: Svein Bjarne Sommernes