Søk:

Verktøylinje

Sikre riktig informasjon om slaktedyr

(Sist endret 07.03.17) I 2010 kom ei ny forskrift: "Forskrift om sporbarhet og merking av storfe og storfekjøtt". Den blir ofte kalla "Hygieneforskriften", og skal blant anna sikra at vi har riktig identitet på dyra når dei kjem inn til slakt, og at vi ikkje slaktar dyr som har restriksjonar på grunn av behandling.

Storfe skal ha eitt merke i kvart øyre, begge fabrikkprega med MT NO (for Mattilsynet) og dyret sitt unike individnummer. Foto: Grethe Ringdal
Foto: Grethe Ringdal, Animalia

Av: Sigrunn Hestenes, fagsjef inntransport

I forhold til inntransport og slakting er fylgjande punkt vesentlege (storfe):

  • Dyret skal ha eitt merke i kvart øyre, begge fabrikkprega med MT NO (for Mattilsynet) og dyret sitt unike individnummer. Dette består av produsentnummeret pluss eit 4-sifra individnummer. Dyret skal merkast seinast 20 dagar etter fødsel.
  • Dersom eit dyr mister eitt (eller begge) dei opphavelege merkene, skal erstatningsmerke straks bestillast. Desse skal også vera fabrikkprega, og skal ha same produsentnummer og individnummer som det opphavelege.

Det er produsenten som har ansvaret for at dyra er korrekt merka, og at Husdyrregisteret er oppdatert. Registreringa kan skje via Storfekjøttkontrollen, via Tine sin Kukontroll, eller via Mattilsynet – for dei som ikkje er medlemmar i Kukontrollen eller Storfekjøttkontrollen. Oppdateringa skal skje seinast 7 dagar etter at dyret har skifta eigar.

Dersom du ikkje finn storfeindividet ved innmelding på Min side, så kan årsaken vera at dette individet ikkje fins i Husdyrregisteret.

Matkjedeinformasjon
Dyrehelseportalen (DHP) er en database som blir brukt av Mattilsynet og de praktiserande veterinærane. Her bli eventuelle restriksjonar på buskapar og alle behandlingar (diagnose, behandling og tilbakehaldsfrist) av individa (storfe) eller buskapen (alle husdyrslaga) registrert. Det er dette vi kallar Matkjedeinformasjon (MKI).

Slakteriet har ansvar for å sjekka opp matkjedeinformasjon, og sørga for at dyr med tilbakehaldsfrist eller buskapar med restriksjonar ikkje blir slakta og kjem inn i varestraumen. Det kan vera tilbakehaldsfrist på grunn av behandling, eller bandlegging på grunn av smittsam sjukdom eller brot på merkeforskrifta.

Ved planlegging av inntransport hentar vi opp denne informasjonen, og sjekkar at alle planlagde dyr kan slaktast. Det er eit krav at opplysningar om MKI for dei dyra som er planlagde transportert til slakteri skal sendast Mattilsynet minst 24 timar før dyra kjem til slakteriet.

Innmelding og inntransport
Når eit storfe blir meld inn til slakt, anten ved at produsenten ringjer oss, eller går inn på Min Side, blir individet henta frå ein database som blir oppdatert kvar dag frå Husdyrregisteret. Dette sikrar at vi har riktig identitet.

Vi kontrollerer MKI for dei innmelde buskapane og storfeindivida før vi kan laga endeleg inntransportplan. Dersom dyret er meld inn utan individnummer, må vi sjekka heile buskapen, og passa på at vi ikkje transporterer inn dei individa som har ein ikkje utgått tilbakehaldsfrist.

Dersom vi får inn storfe der tilbakehaldsfristen ikkje har gått ut, kan skrotten bli kassert, og produsenten får ikkje oppgjer. I verste fall kan eit dyr som ved ein feil går inn i produksjonen gjera at heile produksjonen den dagen må kasserast, med dei økonomiske fylgjene dette har for drifta.

Produsenten sitt ansvar
Det er produsenten som har ansvaret for at dyra han leverer er friske og utan restriksjonar. Dette signerer han på når han skriv under på kjøreseddelen. Det er også hans ansvar at Husdyrregisteret har dei riktige opplysningane om dyra i buskapen. Det vil hjelpa oss mykje dersom denne rutinen blir fylgd (storfe):

  • Dersom det skal leverast eit anna individ enn det som er innmeld til slakt – og dette skjer etter at fristen for rapportering av MKI (f.eks. ved hasteslakt eller ved bytting av individ når dyrebilen er på garden), skal det fyllast ut eit eigenerklæringsskjema. Det skal også meldast frå til medlemssenteret, som skal sjekka MKI på dette individet.
  • Dersom det ikkje er mogeleg å få gjort denne sjekken, skal dyret i prinsippet ikkje takast med. Vi kan likevel ta det med, men det er då ein viss risiko for at dyret må kasserast. Dette er produsenten sin risiko. Sjåføren skal i slike tilfelle varsla slaktefjøs, og dyret skal setjast til side til ein får sjekka status.

Gris og småfe
Her har vi ikkje innmelding på individ, og ofte manglar individopplysningar på behandlingane i DHP. Då er det ikkje mogeleg for oss å kontrollera behandlingar på individnivå. Vi kontrollerer likevel buskapen før endeleg inntransportplan blir fastsett, og sender rapport til Mattilsynet.

Mattilsynet har då mulighet til å sjekka nærmare dersom det er helseopplysningar som er viktige å fylgja opp.