Transport av storfe i to høgder

(Oppdatert 14.06.19) Dyrebilar som kan transportere i to høgder har gode føresetnader til å sikre god dyrevelferd for storfe under transport konkluderer Animalia. Nederst i saken kan du sjå ein film om lasting av storfe i to høgder.

Bakgrunn
Det er stilt spørsmål ved om transport av storfe i to høgder er forsvarleg. Animalia AS ved spesialveterinær Inge Midtveit vurderer her dette spørsmålet. 

Grunnlag for vurderinga
Det er påbygg frå den tyske produsenten Finkl som blir omtalt. Det er brukt informasjon frå dyrevelferdsrevisjonen (Etisk regnskap) 2018 ved Nortura Malvik og Nortura Bjerka, der storfe har blitt transportert inn i to høgder.

Underteikna har også hausten 2018 vore med på ein tur og sett pålessing og transport inn til slakteri. Vidare er det tatt med avvik registrert i mottakskontrollen ved Nortura Bjerka og Malvik heile perioden som desse påbygga har vore i bruk. Det er også tatt med erfaringar frå Sverige der om lag 80 % av dyrebilane i HKScan er bygd for å transportere storfe i to høgder. I Danmark er den maksimale tillatne høgde på køyretøy fire meter, dermed blir det ikkje plass til to høgder med vaksne storfe på bil. Ein transporterer likevel kalvar og kviger i to høgder. 

Vurderingar
Utfordringa for dyrebilsjåførar som skal transportere storfe, er at dyra er ulike i vekt, kondisjon, hornstatus, kjønn og tilhøyrer ulike sosiale grupper. Desse gruppene bør ikkje blandast dersom dyrevelferden under transport skal vera så god som råd. For eksempel bør ikkje ei tynn og litt svak ku stå i lag med yngre og sterkare kyr frå andre sosiale grupper fordi det kan bli unødvendig stor påkjenning. Kravet i regelverket er at dyra skal kunne tole transporten utan unødvendig påkjenning. 

Dyrebilar som kan ta storfe i to høgder har tre ekstra rom og dette gjer det enklare for å sjåføren å ta omsyn til dyras tilstand og transportere dei på best mogleg måte. Ein unngår ofte situasjonar der ein må velje mellom å bryte regelverket eller sette dyret igjen på garden. Det gjev betre dyrevelferd, betre service og meir fleksibel transport. Når det gjeld beitetransport, så vil storfeprodusentane redusere både tidsbruk og kostnader fordi ein kan transportere 12-14 ammekyr med kalvar på ein tur med singel bil. 

Det er også nokre ulemper med å transportere storfe i to høgder. Tyngdepunktet blir høgare og risikoen for ulykker på vegar med svake kantar og i rundkøyringar aukar naturleg nok. Det er frå Sverige likevel ikkje meldt om ulykker der storfetransportar har velta trass i at det har blitt gjort i mange år og i stort omfang. Det er også grunn til å tru at transportidene vil auke med fleire stopp per tur, men sett opp mot gevinsten av betre plass og at dyra blir transportert med dyr som passar ilag, vil auka transporttid bety lite for dyrevelferden. Det er viktigare med god kvalitet på transporten enn at den er kort. Det er vanskeleg å vurdere om rørslene i skapet under transport påverkar dyra som står i andre etasje, men ut frå det ein ser på kamera som filmar dyra er det ingen eller svært liten grunn til å tru at det er særleg skilnad for dyra om dei står oppe eller nede. Me veit at storfe som blir utsett for påkjenningar under transport skit meir og våtare, slik at strø og golv blir våtare. Me har ingen haldepunkt for at dette er tilfelle der dyra har stått oppe. 

I dei påbygga som ein brukar i Noreg i dag er det 156 cm takhøgde både oppe og nede. Dette er tilstrekkeleg til luftsirkulasjon over dyra og til at dei kan heve hovudet i normal stilling for dei vanlege kategoriane storfe. Men det er stor variasjon mellom rasar og dyr, så det er enkeltdyr – både kyr og oksar, som er for høge til at dei kan stå i rom med 156 cm takhøgde. Dette må sjåføren ta omsyn. 

Det er ved Nortura Malvik påvist eitt tilfelle av skade på klauver som er transportert i andre høgda. Det er spekulert på om desse kunne oppstått under heising. Det er viktig at kanten ut mot sidene i andre høgda er høg nok, slik at kyr som mislikar å stå inntil vegg ikkje får beinet oppå kanten mot veggen og dermed kan få klemt klauva under heising. 

Forsiktigheitsreglar 
Ved mange slakteri er det transportplanleggaren som set opp turane, og det er viktig at desse personane ikkje fell for freistinga å fylle opp bilens kapasitet på alle turar, men har god dialog med sjåføren om kor kapasiteten kan utnyttast, slik at fleksibiliteten kan utnyttast til dyras beste. 

Konklusjon
Dyrebilar med påbygg som kan transportere storfe i to høgder har betre føresetnader til å sikre storfe god dyrevelferd under transport enn påbygg med ei høgde. 

Inge Midtveit
Spesialveterinær
Animalia AS

Relatert informasjon (ekstern)